Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fast 100% sjukepleiar

Hjemmetjenester Midt-Telemark

Arbeidssted
MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget! I heimetenesta arbeider du både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve. Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner. Hos oss får du eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen. Vi deltek aktivt i prosjekt som skal utvikle og styrkje tenestene våre, og vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt. Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med på å påverke din eigen turnus. ArbeidsoppgåverSjukepleiarprosedyrar Helsetenester og oppfylging av pasientar Samarbeid med pårørande Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor Dokumentasjon KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Førerkort klasse B Ønska kompetanse Erfaring frå helseteneste God kjennskap til bruk av data som verktøy jf. dokumentasjonsplikt Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar. Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskaparInteresse for å utføre sjukepleiarprosedyrar Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er strukturerte og løysningsorientera Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyrE-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonElisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302 ArbeidsstadGamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5196950771 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.