Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsesekretær/Sekretær

Kontor medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø. Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar.  Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunne pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider. Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert. Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen.  ArbeidsoppgåverSekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og førefallende arbeid Hovudsakleg dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen - som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, oppfølgingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m.  Arbeidsoppgåver i skranke og telefon - vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våre Tolkebestilling digitalt Pasientreiser digitalt  Tett samhandling med andre faggrupper KvalifikasjonarAutorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær  Gode datakunnskapar Har du kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personleg eignaheit vert vektlagd Personlege eigenskaparServiceinnstilt og imøtekomande Strukturert og ansvarsbevisst Sjølvstendig og påliteleg Fleksibel og løysingsorientert Samarbeidsorientert og bidreg til et godt arbeidsmiljø Lærevillig og positiv til endring Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonMerete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5195266917 Stillingsprosent: 60, 40% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.