Joker Bellingen søker butikkmedarbeidar deltid
Joker Bellingen
- Arbeidssted
- ØRSTA, SÆBØ, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Annet
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bli ein del av «Den gode naboen»?Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar. Stillinga er ei mellombels deltidsstilling med varigheit fram til 1. februar 2028.
Slagordet vårt er Joker – Den gode naboen. For oss handlar det om meir enn å selje daglegvarer. Ein god nabo bryr seg, hjelper til og bidreg til eit godt lokalmiljø.
No ser vi etter deg som vil vere med på laget vårt og gi kundane den gode Joker-opplevinga – kvar dag.
Hos oss er ingen dagar heilt like. Vi har ikkje eigne avdelingar, så du får jobbe i heile butikken og lære litt av alt.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
varepåfylling og framtrekk av varer
kassearbeid
kundebehandling og god service
betjening av Post i Butikk
softisservering om sommaren
anna praktisk og generelt butikkarbeid
Her er det alltid noko å gjere, så du må trivast med ein aktiv arbeidsdag og vere klar for både mange skritt og tunge løft.
Kven ser vi etter?Som ein del av «Den gode naboen» håpar vi at du likar menneske og synest det er kjekt å gi god service. Du møter kundane med eit smil, hjelper til når det trengst og samarbeider godt med kollegaene dine.
Vi ser etter deg som:
er blid, positiv og lærevillig
likar å yte god service og snakke med menneske
trivst med fysisk arbeid og kan ta i eit tak
kan arbeide sjølvstendig og sjå kva som må gjerast
er løysingsorientert og gjerne litt kreativ
samarbeider godt med andre
kan jobbe kveld og helg, og gjerne i høgtider
Har du erfaring frå daglegvare, butikk eller liknande arbeid, er det ein fordel – men det er ikkje eit krav. Det viktigaste for oss er kven du er, at du har lyst til å lære, og at du likar å stå på.
Høyrest dette ut som deg?Då håpar vi du søkjer!
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.