Lege i spesialisering (LIS 3)
Allmennpsykiatrisk poliklinikk Stord DPS
- Arbeidssted
- STORD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes.
Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar.
Vi har ledig vikariat som LIS 3 i allmennteamet ved poliklinikken.
Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten.
Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking.
Kva går jobben ut på?
Utgreiing, diagnostisering og behandling
Tverrfagleg samarbeid
Rettleiing til samarbeidspartnarar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Må ha dokumentert autorisasjon
Gjennomført LIS1 teneste, eller tilsvarsande
Erfaring frå DPS er ønskeleg
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
Pågangsmot og evne til samarbeid
Du trivst i eit inkluderande tverrfagleg team
Du er engasjert i utvikling av faget og oppteke av å gjera ein god jobb
Kvifor skal du velje oss?Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
Regelmessig internundervisning og rettleiing ved psykiater
Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
Psykoterapirettleiing
Moglegheit for forsking i klinikk
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonØydis Grov, Funksjonsleiar, 534 91210, oydis.grov@helse-fonna.no
ArbeidsstadTysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187804964
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 04.01.2028
Søknadsfrist: 31.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.