Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Båtførar i Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal

Sunnmøre Friluftsråd Kommunalt Oppgåvefellesskap

Arbeidssted
ÅLESUND, SKODJE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du ha ein av dei mest varierte jobbane på kysten? Som båtførar i Skjærgårdstjenesten får du arbeide med båtoperasjonar, bygging, vedlikehald og utvikling av viktige friluftsområde langs kysten i Møre og Romsdal. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6) Gyldig tryggleikskurs (STCW) Førarkort klasse BE (eventuelt vilje til utviding til BE) Erfaring frå praktisk arbeid innan bygging, vedlikehald, anlegg, handverk eller tilsvarande Erfaring med drift og vedlikehald av båtar, motorar, maskiner eller teknisk utstyr er ein fordel Krankurs er ein fordel Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel Erfaring frå sjørelatert arbeid, naturforvaltning, friluftsliv eller skjergardsteneste er ein fordel God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Grunnleggande digitale ferdigheiter Vi legg vekt på at du: Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle Trivst med fysisk arbeid utandørs gjennom heile året og i varierande verforhold på nordvestlandet Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og finn gode løysingar når utfordringar oppstår Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere fleire oppgåver samstundes Har gode samarbeidsevner, både internt og i møte med kommunar, grunneigarar, samarbeidspartnarar og frivillige Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med positiv innstilling, god ordenssans og høgt fokus på tryggleik og sikker gjennomføring av våre oppdrag Arbeidsoppgaver Skjærgårdstjenesten er eit driftssamarbeid som tek vare på og utviklar statleg sikra friluftsområde langs kysten. Tenesta arbeider med bygging, tilrettelegging og vedlikehald av anlegg og infrastruktur, skjøtsel av naturområde, transportoppdrag til sjøs og tiltak mot marin forsøpling. Arbeidet omfattar også drift av båtar og teknisk utstyr, oppsyns- og skjøtselsoppdrag for Statens naturoppsyn, samt samarbeid med kommunar, statlege etatar, grunneigarar og frivillige organisasjonar for å sikre gode og tilgjengelege friluftsområde for allmenta i Møre og Romsdal. Som båtførar skal du mellom anna: Føre arbeidsbåt og gjennomføre oppdrag i skjergarden i Møre og Romsdal Delta aktivt i praktisk arbeid ute i felt og bidra til sikker og effektiv drift av Skjærgårdstjenesta Bidra i basisoppgåvene innan utvikling, oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding Byggje, montere og vedlikehalde anlegg for friluftsliv, til dømes gapahukar, kaianlegg, flytebrygger, kajakkkrybbe og informasjonsskilt Utføre skjøtselstiltak i friluftsområde, mellom anna rydding av vegetasjon, slått og naturpleie som lyngbrenning Delta i prosjekt knytta til marin forsøpling, naturforvaltning og sjønært friluftsliv Representere Skjærgårdstjenesta i møte med kommunar, grunneigarar, frivillige organisasjonar og brukarar av områda Delta på relevante kurs, samlingar og faglege møte Delta i arbeidslag saman med tilsette i Skjærgårdstjenesta, Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd. Ta initiativ til utvikling og god praksis Som tilsett i Skjærgårdstenesta må du rekne med ein del reiseverksemd i fylket. Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale Vi tilbyr Hos oss for du: Ein av dei mest varierte jobbane på kysten Arbeid i noko av dei flottaste natur- og friluftsområda i Noreg Meiningsfullt arbeid til beste for fellesskapet og kystnaturen i Møre og Romsdal Varierte arbeidsdagar med båt, bygging, vedlikehald og naturforvaltning Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Eit breitt fagleg nettverk gjennom samarbeid med Skjærgårdstjenester frå heile Noreg Gode høve for fagleg utvikling og kurs Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP Moglegheit for friluftstrening i arbeidstida Bedriftshelseteneste
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.