GIS-rådgjevar
Luster kommune Forvaltning og utvikling
- Arbeidssted
- LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du jobba med kart, geodata og digitale løysingar i eit nytt fagmiljø i Sogn?Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.
Me søkjer ein GIS-rådgjevar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. januar 2027. Det er opning for å ha arbeidsstad i ein av kommunane i samarbeidet.
Det nye samarbeidet får ni fagtilsette: tre innan kart og GIS, inkludert fagansvarleg, og seks innan oppmåling og matrikkel, inkludert fagansvarleg. I tillegg kjem einingsleiar. Du vert dermed del av eit større fagmiljø som skal levera tenester til alle dei fem kommunane.
Om stillingaSom GIS-rådgjevar vil du arbeida med forvaltning, produksjon og utvikling av kart og geodata. Du vil samarbeida tett med fagansvarleg for kart og GIS, den andre GIS-rådgjevaren og resten av fagmiljøet i samarbeidet, i tillegg til relevante fagmiljø i kommunane.
Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Arbeidet omfattar både dagleg forvaltning av kart- og geodata, brukarstøtte og utvikling av løysingar og arbeidsmåtar. Oppgåver og ressursar skal nyttast på tvers av kommunegrensene, slik at alle kommunane får likeverdige tenester.
Sentrale arbeidsoppgåverforvaltning, ajourhald og kvalitetssikring av kart- og geodata
produksjon av kart, temakart, analysar og geografiske datasett
arbeid i GISLine og andre relevante GIS- og kartløysingar
webkart, innsynsløysingar og digitale karttenester
planregister, FKB, AR5 og andre relevante kommunale geodata
brukarstøtte og rettleiing innan GIS og kartløysingar
utlevering og tilrettelegging av kart- og geodata
utvikling og standardisering av rutinar og arbeidsmåtar på tvers av kommunane
samarbeid med plan, byggjesak, oppmåling, tekniske tenester og andre fagområde som nyttar geografisk informasjon
utviklings- og digitaliseringsoppgåver innan fagområdet
Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med den teknologiske utviklinga, behova i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.
Kven ser me etter?Me ser etter deg som har interesse for GIS, kart og geodata og som ønskjer å vera del av eit større fagmiljø.
relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, geografi, IT eller anna relevant fagområde
kompetanse innan GIS og geografiske data
god digital kompetanse og systemforståing
evne til å arbeida strukturert med data og kvalitet
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Relevant praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.
Erfaring med GISLine og andre løysingar frå Norkart er ein klar fordel. Det same gjeld erfaring frå kommunal GIS- og geodataforvaltning, FKB, Geovekst, planregister, webkart eller andre relevante kart- og fagsystem. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du vera førebudd på å tileigna deg denne kompetansen.
Me ser etter deg somer nøyaktig, strukturert og oppteken av kvalitet
er løysingsorientert og interessert i teknologi og utvikling
samarbeider godt og deler kunnskap med andre
tek initiativ og kan arbeida sjølvstendig
er serviceinnstilt og trivst med å hjelpa brukarar med ulik fagkompetanse
er fleksibel og ser på dei fem kommunane som eitt felles arbeidsområde
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Me tilbyrei sentral fagrolle i eit nytt interkommunalt samarbeid
varierte oppgåver innan kart, GIS og geodata i fem kommunar
eit større fagmiljø med tre tilsette innan kart og GIS og tett samarbeid med fagmiljøet innan oppmåling og matrikkel
eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
moglegheiter for fagleg utvikling og relevant kompetanseheving
tilgang til relevant fagprogramvare og digitale verktøy
fleksitidsordning
løn etter avtale/gjeldande tariffavtale
kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.