Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Verv som fast forsvarar

Sunnmøre tingrett og Frostating lagmannsrett

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Åremål
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Det er ledig verv som fast forsvarar ved Sunnmøre tingrett, rettsstad Ålesund, og Frostating lagmannsrett. Vervet omfattar oppdrag for begge instansar. For tingretten er vervet knytt til den aktuelle rettsstaden, men det må påreknast teneste også ved rettsstad Volda. For lagmannsretten gjeld vervet heile lagsoknet. Vervet er personleg og inneber plikt til å delta ved behov i helger og ferieperiodar. Oppnemning til vervet skjer på åremål for seks år, med høve til gjenoppnemning. Gjenoppnemning utover éin periode kan berre skje dersom særlege grunnar tilseier det. For vervet gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på tre månader. Øvre aldersgrense for faste forsvararar og faste bistandsadvokatar er 72 år. KvalifikasjonerVed vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på: relevant praksis og faglege kvalifikasjonar erfaring frå oppdrag som forsvarar og/eller bistandsadvokat om søkjaren har kontorstad i rettskrinsen Det vil i tillegg bli teke omsyn til: om søkjaren allereie har verv som fast forsvarar eller fast bistandsadvokat i rettskrinsen eller ved andre domstolar om søkjaren har kontorfellesskap med faste forsvararar eller faste bistandsadvokatar forhold som kan gi grunnlag for habilitetsutfordringar Det blir òg vist til punkt 5 i Praksisnotat for antakelse av faste forsvarere og faste bistandsadvokater, samt informasjon om fast forsvarar på domstol.no. Personlige egenskaperDet vil bli lagt vekt på personleg eignaheit. Det er ein føresetnad at søkjaren arbeider strukturert og har god evne til å gjere faglege vurderingar og prioriteringar ved gjennomføringa av oppdraga.KontaktinformasjonKirsti Hoegh Bjørneset, Sorenskriver, Sunnmøre tingrett, 70 33 47 00 Lars Magnus Bergh, Lagmann, Frostating lagmannsrett, 73 54 24 60 ArbeidsstedSkansekaia 2 6002 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sunnmøre tingrett Referansenr.: 5188666955 Stillingsprosent: 100% Annet Søknadsfrist: 20.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.