Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved:
Kirurgisk klinikk, Avdeling for Gastrokirurgi
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
ArbeidsoppgåverVil du vere ein viktig del av pasientforløpet ved Avdeling for Gastrokirurgi
Vi søker nå ein engasjert og løysingsorientert helsesekretær som vil bidra til trygg, effektiv og profesjonell pasientbehandling.
Avdeling for Gastrokirurgi er ein del av Kirurgisk klinikk og har tre sengepostar, med 60 senger. Vi behandlar om lag 4500 inneliggande pasientar, har 1200 dagbehandlingar og rundt 20 000 polikliniske konsultasjonar.
Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, med rotasjon mellom poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Du får grundig opplæring innnfor dei områda du skal jobbe med.
I dag har avdelinga av 10 dyktige sekretærar fordelt på poliklinikk, sengepost og inntakskontor. No ønsker vi å styrke teamet med ein medarbeidar som:
er motivert for å yte god service i møte med pasientar og pårørande
er opptatt av god pasientlogistikk og kvalitet i pasientforløpet
trivst i ein kvardag med samarbeid, ansvar og høg aktivitet
Hos oss får du ein arbeidsplass med stor fagleg breidde, gode kollegaer og moglegheit til å bidra i ei avdeling i utvikling.
Vi håper du har lyst å bli ein del av vårt team!
Kontakt: Anita Anfindsen, tlf. 90697382.
Arbeidsoppgåver
Pasientadministrative oppgåver
Telefon/resepsjonsteneste
Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
Økonomisk oppgjer
Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
Kvalifikasjonar
Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
Du må ha gode IKT-kunnskapar
Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner
Nøyaktigheit
Serviceinnstilling
Fleksibel og evne til å ta utfordringar
Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Fagleg og personleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har
du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare
utdanning og kompetanse
KontaktinformasjonSjå kontaktperson, for den oppgitte avdelinga
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5206170381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.