Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Universitetslektor (vikariat) i kunsthistorie

Universitetet i Bergen

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor i kunsthistorieVi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i kunsthistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.  Stillinga er eit vikariat med planlagd oppstart 01.01.2027 og har varigheit til og med 31.12.2027 med moglegheit til forlenging. Om instituttetInstitutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 14 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Arbeidsoppgåver:I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for: Undervisning innan både teoretiske og historiske emner med eit bredt kunsthistorisk fokus (ca. 1400 til i dag). Rettleiing, sensur og oppfølging av studentar. Fagleg-administrative oppgåver. Å ta del i den faglege utviklinga ved instituttet. Undervisningsspråket er norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det kan også bli aktuelt med noko undervisning på engelsk. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:Søkjaren må ha: Norsk mastergrad eller tilsvarande innan kunsthistorie eller anna relevant fag. Kompetanse til å undervise i store deler av programmet i kunsthistorie. Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.  Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på minimum nivå B2. Det er ein føremon med: Erfaring med undervisning og rettleiing i kunsthistorie på universitetsnivå. Relevante forskingsresultat utover mastergradsnivå. Det blir lagt vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Det blir òg lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og at vedkomande er personleg eigna for stillinga. Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.  Hos oss får du:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.  Høve til å byggje sterke faglege nettverk. Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. Løn som universitetslektor (stillingskode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 653 000 – 693 000 i full stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.  Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga:Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga.  Under «CV», oppgi:Personalia.  Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste). Språkferdigheiter.  Minst to referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante. Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).  Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.  Eventuelle evalueringsrapportar eller anna tilbakemelding på eiga undervisning.  Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar. Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fagkoordinator, førsteamanuensis Monica Grini, e-post: monica.grini@uib.no, eller fungerande instituttleiar, professor Anders Gullestad, e-post: anders.gullestad@uib.no, telefon: +47 55582464. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.  Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.  Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.  Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.