Fagleiar, Politisk sekretariat
Klepp kommune
- Arbeidssted
- KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du interessert i grensesnittet mellom politikk og administrasjon?
Politisk sekretariat speler ei sentral rolle i å leggja til rette for politiske prosessar og avgjerder, og koordinerer samarbeidet mellom administrasjonen og dei folkevalde. Me søkjer no ein dyktig og engasjert fagansvarleg som kan videreutvikla dette arbeidet.
Me treng deg som er utviklingsorientert og kan sjå på fagfeltet med nytt blikk. Som fagansvarleg i politisk sekretariat vil du jobba tett med både kommunedirektør, kommunalsjefar, ordførar og politikarar. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar kvalitetsutvikling, saksbehandling, administrering av politiske møte, ansvar for digitale løysingar og valgjennomføring . Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokaldemokratiet i kommunen.
Me søkjer deg som er samfunnsengasjert, som kan handtera eit breitt fagfelt, og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag. Politisk sekretariat har to tilsette, og stillinga ligg i avdeling for kommunikasjon, politikk og næring. Kommunikasjonssjef er næraste leiar.
ArbeidsoppgåverBidra til at politisk sekretariat er eit bindeledd mellom administrasjon og politikk, og sørge for gode arbeidsprosessar for dei folkevalde.
Utvikle fagområdet.
Valansvarleg.
For- og etterarbeid i tilknyting til politiske møte, og gjennomføring av disse.
Systemansvar og vidareutvikling av system og rutinar.
Andre arbeidsoppgåver etter avtale med leiar.
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning, fortrinnsvis på mastergradnivå.
Gode IT-ferdigheiter og interesse for digitale løysingar.
Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
God forståing for politiske prosessar og samfunnsspørsmål.
Relevant erfaring frå offentleg sektor vil bli vektlagt.
Kjennskap til Public 360 er ein fordel.
Ønskeleg med kjennskap til relevant lovverk.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utanlandske attestar omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke òg kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
Er interessert i lokaldemokrati, spesielt grensesnittet mellom administrasjon og politikk.
Ønsker å utvikle fagområdet og ser etter nye løysingar.
Er ansvarsbevist, nøyaktig, effektiv, og har ein strukturert arbeidsform.
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
Ønsker å yte god service.
Vi tilbyrMe kan tilby ein arbeidsplass med gode kollegaer, i Plogen kulturhus og rådhus Kleppe sentrum.
Du vil få ansvar, kunna arbeida sjølvstendig og få stor fagleg utvikling og spanande utfordringar.
Du får fleksitid og lønn etter gjeldande tariff og lokal lønnspolitikk.
Som kommunalt tilsett får du gode pensjons- og forsikringsordningar.
Den politiske møteverksemda skjer hovudsakleg på ettermiddag- og kveldstid, så kveldsarbeid må påreknast.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar. KontaktinformasjonRagnhild Nordahl Næss, Leiar kommunikasjon, næring og politikk, +47 91710238, ragnhild.nordahl.ness@klepp.kommune.no
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5204768692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.