Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut

Bufetat

Arbeidssted
BERGEN, NESTTUN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Om stillinga og arbeidsstadenVed avdeling Hop har vi ledig tre midlertidige 63 % stillingar, i kortare vikariat, i første omgang 3 månader med moglegheit for forlenging, for tida kveldsvakter og arbeid hver 3 helg. Stillingane er knytt til ei oppbemanning i avdelinga, og behovet blir vurdert løpande. Avdeling Hop er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli. Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i ei felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging  frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper. Avdeling Hop er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1 Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskjell i folk sitt liv. Andre vikariat i Fana og Ytrebygda Ungdomsenter kan og bli aktuelt.  ArbeidsoppgåverMålet vårt er å bidra til at ungdomane tar gode val som skaper varig, positiv endring i liva deira – i tett samarbeid med kollegaene våre. Korleis vi arbeider for å nå dette målet: Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metoder og standardiserte forløp. Sikre tverrfaglig samhandling med kommunal barnevernstjeneste, foresatte, sosialt nettverk, skole, helse og arbeid. Bidra til å ivareta rettstryggleiken til ungdomane gjennom presis og fagleg dokumentasjon. Arbeide med krise- og stresshandtering og bidra med til stabilisering av barn og unge i krisesituasjonar. Drive førebyggjande arbeid og handtere åtferd og situasjonar der barn og unge kan skade seg sjølve eller andre. Kartlegge  styrkane og behova til ungdomane, og utarbeide og følgje opp planar på ein systematisk og fagleg forsvarleg måte.  Kva bakgrunn har du?Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.  Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.  Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med relevant erfaring kan også søkje.  Studenter på siste året i relevant bachelor kan også søkje. Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.  God fysisk og psykisk helse. Krav om førarkort for personbil kl. B. Kjennskap til rettigheitsforskrifta og traumebevisst omsorg er ønskjeleg. Personlege eigenskaparKven ser vi etter?  Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom. Du møter ungdomane og uttrykka deira på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samstundes som du tar vare på behova og rettane deia.  Du evnar å: byggje gode relasjonar la deg engasjere, og samstundes engasjere og motivere andre arbeide sjølvstendig , metodisk og i team analysere utfordringar og vurdere gode løysingar halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny kunnskap   Vidare ønskjer vi at du: har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet er fleksibel, trivst med utfordringar og handerer hektiske og  varierte arbeidsdagar godt ønskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, og bidreg til å følje opp rutinar og system tar i bruk rettleiing og tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte  er punktleg og påliteleg Kva får du hos oss?Lønn og stillingskode Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ og vert vurdert etter utdanning og erfaring: Bachelor i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, pt kr 490 000 – 640 000 pr. år.  Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 540 000 – 690 000 pr. år.  For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr. år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.    I tillegg kan vi tilby: Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.  Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod – noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.  Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Opplysningar til deg som søkjerVi ønskjer dei beste kandidatane, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje jobb hos oss. Stillingane er for tida lagt til Fana og Ytrebygda ungdomssenter. Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. barnevernslova § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi tek kontakt med deg dersom ønsket ikkje kan takast til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansattelova. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde?For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut opplysningar om utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar som stadfestar stillingsstorleik. Vitnemål frå utdanning teken i Noreg skal lastast opp via Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Det er krav om førarkort. Du må leggje ved kopi av det fysiske førarkortet, i tillegg til skjermbilete av kontrollbiletet i det digitale førarkortet eller dokumentasjon på førarkortstatus frå vegvesen.no.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.