Psykolog/psykologspesialist til MBT-team ved Øyane DPS
Øyane allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist eller psykolog ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk. Startdato etter nærare avtale.
Har du interesse for mentaliseringsbasert terapi (MBT) og behandling av pasientar med personlegdomsproblematikk? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg.
Den ledige stillinga er knytt til fagteamet vårt for mentaliseringsbasert terapi (MBT). MBT-teamet er eit tverrfagleg behandlingsteam som gir mentaliseringsbasert behandling til pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsproblematikk. Teamet tilbyr strukturert behandling med individual- og gruppeterapi og arbeider etter prinsippa i MBT-modellen.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, rettleiing og fagleg utvikling står sentralt. Vi er opptatt av å halde oss fagleg oppdaterte og vidareutvikle behandlingstilbodet i tråd med ny kunnskap og forsking. Teamet har regelmessig rettleiing frå eksterne spesialistar, og vi legg til rette for undervisning, fagleg utvikling og erfaringsdeling. Vi ønskjer medarbeidarar som er nysgjerrige, engasjerte og som vil vere med på å utvikle tilbodet vidare.
Relevant kompetanse og erfaring med MBT, samt erfaring med behandling av pasientar med personlegdomsforstyrringar, vil bli vektlagt. For søkjarar som ikkje har relevant vidareutdanning, kan vi etter ei samla vurdering leggje til rette for dette.
Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden, eit område med om lag 65 000 innbyggarar og sterk befolkningsvekst. Vi ønskjer oss fagleg engasjerte medarbeidarar som vil bidra til vidare utvikling av tenestene våre, og høyrer gjerne frå deg som har noko du brenn for innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar.
Øyane DPS held til i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå Bergen sentrum. DPS-et har to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med åtte plassar kvar. I tillegg har vi psykosepoliklinikk/FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akutteam.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av fagmiljøet vårt på Øyane DPS.
ArbeidsoppgåverUtgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i målgruppa for MBT
Gjennomføre individualterapi og/eller gruppeterapi i tråd med MBT-modellen
Vurdere indikasjon for MBT og bidra i planlegging og evaluering av behandlingsforløp
Delta i tverrfaglege behandlingsmøte, kasusdrøftingar og rettleiing knytt til MBT
Bidra til koordinering og kontinuitet i pasientforløp og samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og aktuelle samarbeidspartnarar
Bidra til fagutvikling, kvalitetssikring og vidareutvikling av MBT-tilbodet.
For psykologspesialist: ivareta spesialistfaglege vurderingar og bidra med rettleiing og fagleg støtte til andre behandlarar
Journalføring, dokumentasjon og andre oppgåver knytt til forsvarleg pasientbehandling
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog og/eller godkjend spesialitet i klinisk psykologi
Relevant erfaring
Utdanning og erfaring med MBT er ynskjeleg
Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparMå ha gode samarbeidsevner og kunne bidra i vårt gode arbeidsmiljø
Personleg eigna for stillinga
Vi tilbyrLønn etter avtale
Fagleg utvikling og høve til spissing av kompetanse
Spennande utviklingsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLinn Beate Hauge Støle, Seksjonsleiar, 91187975
ArbeidsstadBlombakkane 75
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5174064395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.