Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vikariat rettleiar

Nav Nordfjord

Arbeidssted
GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske vidare mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg. Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027. Oppmøtestad er Sandane. Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde: 50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek. 50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP). Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet. Kva går jobben ut på?følgje opp og rettleie personar mot arbeid, utdanning eller annan aktivitet kartleggje ressursar, arbeidsevne, interesser og moglegheiter saman med den enkelte motivere og støtte brukarar i endrings- og utviklingsprosessar samarbeide med arbeidsgjevarar, helsevesen, utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar bidra til gode og heilskaplege løysingar som styrkjer moglegheitene for arbeid og aktivitet forvalte aktuelle ytingar og verkemiddel i tråd med gjeldande regelverk følgje opp ungdom omfatta av ungdomsgarantien Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha fullført utdanning på bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk gode digitale ferdigheiter og interesse for ny teknologi Det er ein fordel om du har erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i krevjande livssituasjonar kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og verkemiddelapparat kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen erfaring frå samarbeid med arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar førarkort klasse B Kven er du?trur på at alle menneske har ressursar og moglegheiter til å delta i arbeid eller aktivitet møter menneske i ulike livssituasjonar med respekt, engasjement og profesjonalitet er god til å skape relasjonar, motivere andre og byggje tillit arbeider strukturert og målretta, også når du har fleire oppgåver samtidig samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Kvifor velje oss?ein meiningsfull jobb der du bidreg til at fleire kjem i arbeid og aktivitet varierte arbeidsoppgåver innan både ungdomsoppfølging og arbeid-/helsefeltet eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse gode moglegheiter for fagleg utvikling fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida lønn som rådgivar (kode 1434) frå kr 639 000 til 650 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonKari Tonning, Avdelingsleiar, 45233070, kari.tonning@nav.no ArbeidsstedGotevegen 68 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5201983596 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.