Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar Lindevika buteneste

Austevoll kommune

Arbeidssted
AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen. Om stillingaVi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig  i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.  Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innan habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester. KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav Relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag på bachelornivå Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller anna relevant profesjon Erfaring frå helse- og omsorgstenester, habilitering eller miljøarbeid Erfaring med personalleiing, turnus og drift er ønskjeleg God kjennskap til relevant lovverk og faglege føringar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Leiarutdanning er ønskjeleg.  Søkarar med relevant erfaring og personlege eigenskapar kan også bli vurderte. Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og tillitsskapande leiar Strukturert og god til å prioritere i ein travel kvardag Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar Engasjert i fagutvikling, kvalitet og gode tenester Evne til å motivere, rettleie og utvikle medarbeidarar Handterer komplekse situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte Respekt for sjølvbestemming, medverknad og den enkelte sin integritet Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og robuste fagmiljø Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.  Vi tilbyrGode pensjons og forsikringsordninger  Ein arbeidsplass med gode rammebetingelser og store muligheter for å bidra til utvikling av tenestene, arbeidsmiljø og kultur Mulighet for fagleg utvikling Engasjerte og gode kollegaer i leiargruppa  Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.