Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Veg

Øygarden kommune Veg

Arbeidssted
ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om avdelingaTransporttenesta i Øygarden Kommune utfører køyreoppdrag i heile kommunen. Vi køyrer brukare til og frå ulike dagtilbod  innanfor tidsrommet 06.00-17.00 måndag til og med fredag. Bussane har 16 + 1 seter med heis for rullestolbrukar Oppmøte- og stoppestad er: Austre Sundvegen 25, Skogsvåg.  Arbeidsoppgåver:Medverka til planlegging av køyreruter Køyre brukare til og frå ulike dagtilbod Klargjering av bussar Kvalifikasjonar:  Må ha:Førarkort klasse D1 (minibuss) YSK- persontransport Køyreseddel for persontransport Sjåførkort for fartsskrivar Meistre norsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar: Imøtekomande og vennleg Tolmodig og ansvarsbevisst Gode samarbeidseigenskapar Fleksibel og trivs i eit hektisk miljø Anna: Det blir gitt full opplæring på alle køyreruter. Vi har og utlyst ein 100%  fast sjåførstilling, for meir info sjå utlysing: Øygarden kommune - Sjåfør 100% fast stilling Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Kontakt: Merete-Helen Folkestad Transportkoordinator Mobil: 90068116 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.