Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

DIALYSE VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell for pasientar med nyresjukdom? Dialyseavdelinga ved Ålesund sjukehus har ledig 100 % fast stilling, og vi ønskjer å styrkje vårt dyktige fagmiljø med ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Hos oss får du arbeide tett med pasientar med både kronisk og akutt nyresjukdom i eit spesialisert fagfelt der relasjonsbygging, fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Vi er stolte av å ha eit sterkt fagmiljø med pasienten i sentrum, og vi legg til rette for opplæring og kompetanseutvikling. Dialyseavdelinga i Ålesund tilbyr behandling og oppfølging til pasientar med nyresjukdom. I tilknyting til avdelinga finn du: Peritonealdialyseeining Satellittdialysestasjon ved Volda sjukehus Nyrepoliklinikk Nyreskule Vi er ei dagavdeling som for tida har drift seks dagar i veka, frå måndag til laurdag. Stillinga inneber for tida: Arbeid kvar tredje helg Opptil 2 kveldsvakter i veka Telefonberedskap/heimevakt etter oppsett turnus Kvifor velje oss? Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi best mogleg behandling og oppfølging til pasientane våre. Du får varierte arbeidsdagar, spennande faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling innan nyresjukepleie. Interne omrokkeringar kan også føre til andre ledige stillingar eller vikariat. Vi håpar nettopp du vil bli ein del av vårt flotte dialyseteam! Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt. Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna og lasta opp som vedlegg til søknaden/CV-en din. ArbeidsoppgåverHos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer avansert medisinsk behandling med tett pasientoppfølging. Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som er opptekne av utvikling, kvalitet og samarbeid. Utøve heilskapleg sjukepleie til pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Kartlegge, observere, iverksetje tiltak og følgje opp pasientane gjennom heile behandlingsforløpet. Gi dialysebehandling og bidra til trygg og kvalitetsmessig god pasientoppfølging. Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid rundt pasientane. Følgje opp medisinske ordinasjonar og behandlingstiltak. Observere og handtere akutte situasjonar, samt iverksetje nødvendige tiltak ved behov. Bidra til undervisning, rettleiing og motivasjon slik at pasientane kan meistre eigen sjukdom og behandling best mogleg. Samarbeide med kommunale tenester og andre relevante samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp. Delta i fagutvikling, kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetringsarbeid i avdelinga. Bidra til eit godt arbeidsmiljø og vere ein aktiv pådrivar for utvikling, endring og fornying. KvalifikasjonarManglar du erfaring frå dialyse, men har interesse for fagfeltet og ønskje om å utvikle deg innan nyresjukepleie? Då oppmodar vi deg likevel til å søkje. Vi legg til rette for god opplæring og fagleg utvikling. Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Erfaring frå arbeid med pasientar med kroniske nyresjukdommar er ønskjeleg. Erfaring frå dialysebehandling og/eller vidareutdanning innan dialysesjukepleie vil bli vektlagt. God digital kompetanse og kjennskap til elektroniske dokumentasjonssystem. Erfaring med Helseplattformen er ønskjeleg. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: Er positiv, engasjert og tek initiativ i arbeidskvardagen. Bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom samarbeid, respekt og godt humør. Har svært gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg. Er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag. Har fagleg interesse og ønskjer å utvikle kompetansen din innan nyresjukepleie. Er trygg i møte med medisinsk teknisk utstyr og har gode digitale ferdigheiter. Har pasienten i fokus og arbeider for å skape tryggleik, meistring og kvalitet i behandlinga. Kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Evnar å handtere endringar og bidra aktivt til utvikling og forbetring. Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyrEit solid og utviklande fagmiljø med høg kompetanse innan nyresjukepleie og dialysebehandling. Eit tett og godt tverrfagleg samarbeid med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga. Ein inkluderande arbeidsplass med engasjerte kollegaer og godt humør. Ein arbeidskvardag prega av fagleg utvikling, læring og spennande utfordringar. Gunstig turnus med helsefremjande vaktordning. Fokus på trivsel, nærvær og eit godt arbeidsmiljø. Løn i samsvar med gjeldande overeinskomstar. Medlemskap i offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar. God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer. Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team som kombinerer høg fagkompetanse med omsorg, samarbeid og arbeidsglede. Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og kjenne stoltheit over jobben dei gjer kvar dag. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonLise Grytten Blindheim, Seksjonsleiar, 70 10 63 15, Lise.Grytten@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5179435145 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.