Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Arbeidssted
SEL, OTTA, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Beskrivelse  Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar for studieførebuande utdanningsprogram (idrett og studiespesialisering) frå 1. januar  2027. Vi søkjer deg som byggjer gode relasjonar til elevar og medarbeidarar kommuniserer tydeleg og skaper tillit  er utviklingsorientert og ser moglegheiter  er strukturert og handlekraftig  trivst med varierte oppgåver og høgt arbeidstempo  set elevane si læring og trivsel i sentrum  samarbeider godt og bidreg til å finne løysingar på tvers av avdelingar  har høge ambisjonar på vegne av elevane, medarbeidarane og skulen Vi tilbyr ei spennande og variert leiarstilling ved ein skule der du får vera tett på både elevar og tilsette moglegheit til å påverke utviklinga av skulen eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar faglege utfordringar og moglegheiter for leiarutvikling løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Om stilling 100 % fast stilling ledig frå 1.januar 2027 som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe. Du får ansvar for å leie og utvikle eigne avdelingar, samtidig som du må bidra aktivt i den samla drifta og utviklinga av skulen arbeidstad: Otta Arbeidsoppgåver pedagogisk leiing og utvikling av avdelinga/ane personalansvar og tett oppfølging av medarbeidarar oppfølging av elevane sitt læringsutbytte, fråvær, trivsel og skulemiljø planlegging og organisering av skuledrifta i skuleadministrativt system (VismaInSchool)  arbeid med kvalitetsutvikling og oppfølging av skulen sine resultat samarbeid med elevar, føresette og elevtenesta bidra til god ressursutnytting innanfor skulen sine rammer delta aktivt i skulen si leiargruppe og ta medansvar for heilskapen andre leiar- og driftsoppgåver etter behov Kvalifikasjonskrav skuleleiarutdanning, erfaring frå skuleleiing kan erstatte formell utdanning relevant høgare utdanning som kvalifiserer til undervisning pedagogisk kompetanse og erfaring frå skuleverket erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ønskjeleg god kjennskap til opplæringslova og skulen sitt samfunnsoppdrag gode digitale ferdigheiter med blant anna kjennskap til skuleadministrativt system; VismaInSchool  Ønskte eigenskapar er synleg, tilgjengeleg, og tett på elevar og tilsette byggjer tillit og skaper gode relasjonar er tydeleg og trygg i leiarrolla kan motivere, støtte, og utvikle medarbeidarar arbeider systematisk, og kan prioritere i ein variert arbeidskvardag er fleksible, og villig til å ta del i ulike oppgåver samarbeider godt, og bidreg til å finne løysningar på tvers av avdelingar Søknad Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga. Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden. Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen. Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga. Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen. Vi ser fram til å motta søknaden din. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.