Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du gjere ein forskjell for barn som treng litt ekstra støtte?

Voss herad Voss barnehage

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
11. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du oppteken av barns beste og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt barnet? I denne stillinga får du høve til å arbeide tett på barn som treng ekstra støtte i kvardagen med diagnosen autisme. Du vert ein del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innan inkluderande praksis, spesialpedagogikk og tilrettelegging for barn med ulike behov. Som støttepedagog vil du ha ansvar for oppfølging av enkeltbarn i det daglige på avdeling, i smågrupper og ein-til-ein. Du vil arbeida målretta med støtte og rettleiing frå Spesialhelsetjenesta på Haukeland Universitetssjukehus.  Stillinga er eit vikariat i 100% og tiltenkt oppstart 01.12.2026 med varigheit til 31.07.2027, med moglegheit for forlengning. Oppstart i stillinga kan skje ved eit seinare tidspunkt ut i frå praktiske omstendigheitar for kandidaten.   Hjå oss møter du dyktige kollegaer, vakker natur rett utanfor døra og eit fagmiljø som er oppteke av utvikling. Barnehagen sin visjon er "Vennskap og meistring". Vi har fokus på tilbakemeldingskultur i kvardagen, lesing og språkutvikling er eit felles satsningsområde til vossabarnehagane. Barnehagen er i oppstarten av "Kollektiv kompetanseheving" i samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.  Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Personalgruppa har eit stort mangfold i både alder og personlegheit. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.  Hjå oss får du:  Engasjerte og dyktige kollegaer Eit godt arbeidsmiljø med mykje humor  Tett støtte frå pedagogiske leiare og styrarane Moglegheit til fagleg utvikling gjennom eksterne kurs rettleiing og intern kompetanseheving Som tilsett i Voss herad får du: Rettleiing for nytilsette/nyutdanna Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår  Kvalifikasjonar: Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.  Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ønskjeleg Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.  Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Arbeidsoppgåver Følgje opp barn med særskilde behov i tråd med barnehagelova §§ 31 og 37. Gjennomføre målretta tiltak og arbeide etter mål som er sette i plan for spesialpedagogisk hjelp. Medverke i planlegging, dokumentasjon og evaluering av tiltak rundt barnet. Samarbeide tett med resten av dei tilsette på gruppa barnet tilhøyrar, samt i teamet rundt barn med individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.  Me ser etter deg som: Har eit varmt engasjement for barn og ønskjer å bidra til at alle barn opplever meistring, trivsel og inkludering. Har evne til å byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer. Kan arbeide sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre. Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert kvardag. Tek initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø. Kan reflektere over eigen praksis og er open for fagleg utvikling.   Dette er stillinga for deg som ynskjer å gjera ein reell forskjell. Som støttepedagog i Voss barnehage får du følgje barnet tett i kvardagen og samarbeide med dyktige kollegaer i eit sterkt fagmiljø. Kvar dag er du med på å skape meistring, tilhøyrsle og utvikling for barn som treng det aller mest. Hos oss er laget rundt barnet den viktigaste ressursen vi har.  Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.    Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.