Vikariat LIS 2/3 pediatri
Kvinne- og barneklinikken, Avdeling Barne- og ungdomsklinikken, Helse Stavanger HF
- Arbeidssted
- STAVANGER, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger har frå oktober/november - eit ledig LIS 2/3-vikariat.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. Nyføddintensiv behandlar alle typar perinatale tilstandar og tar imot premature frå 23 vekers gestasjonsalder. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.
Vi underviser medisinstudentar og vi har regelmessig hospitantar. Mange av legane jobbar med forsking, hovudsakleg innan lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.
Legane er fordelt i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team. Avdelinga har fokus på høg fagleg kvalitet.
Kva tilbyr vi?
Avdelinga vår tilbyr fullt utdanningsløp i pediatri. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger.
I arbeidsplanen får du faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og fri kvar 12. veke. Friveka kan evt. delast opp og fordelast jamnt utover i turnusen om ein ønsker det. "Standard" arbeidsplan inneber mellom 1 og 2 timar per veke med UTA, som kan reduserast etter ønske.
Vi har eit triveleg og trygt arbeidsmiljø i legegruppa. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og alle nye LIS får fadder, veileder og grundig opplæring før ein går sjølvstendig vakt. LIS-ane får regelmessig veiledning både individuelt og i gruppe. Alle legane deltar i å ha interundervisning etter tur.
Stavanger er ein hyggeleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur, god mat og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg i vatnet, på stranda eller på fjellet.
Praktiske forhold:
Pga. foreldrepermisjon er det ledig eit LIS 2/3-vikariat, med ordinær vaktdeltaking. Det kan vera moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan det oppstå andre ledige vikariat.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Ein bed om at det blir oppført om søkar følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom søkar har teljande teneste frå før, må søkar oppgje kor lang tid som gjenstår til spesialitet.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
ArbeidsoppgåverNytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter, før ein har sjølvstendig vakt.
LIS roterer 5 mndr om gangen mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. Ein lærer barselundersøking av nyfødde, mottak av akutt sjuke born og diagnostikk, utgreiing og behandling av mange typar problemstillingar gjennom visittgang på sengepost. Ein får arbeida både sjølvstendig og i team.
LIS går i primærvakt ved avdelinga. Vaktsjiktet er p.t. 12-delt.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege.
Gjennomført LIS1-teneste er nødvendig.
Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
Personlege eigenskaparDu er interessert i pediatrifaget og likar å læra nye ting.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og du jobbar strukturert og effektivt.
Du tar initiativ og bidrar til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt.
Du likar å jobba sjølvstendig, men trivst med å samarbeida med andre.
Du kommuniserer godt med både kolleger, pasientar og pårørande.
Du er blid og hyggeleg, og du likar utfordringar!
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonsevne og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for en inkluderende rekruttering.
KontaktinformasjonAnn Marit Gilje, Avdelingsoverlege, +47 90189384
ArbeidsstedLeif Larsens gt. 14
4021 Stavanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Stavanger HF
Referansenr.: 5178330775
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.