Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Oralkirurg

ØNH OG KJEVEKIRURGI MOLDE OG KRISTIANSUND, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR! Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg. ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling frå 4. januar 2027 til 17. oktober 2027. Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget. Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet. Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar. Arbeidsoppgåver* Hovedsak poliklinisk/dagkirurgisk aktivitet * Det behandles også innlagte pasientar * Behandling av kjeve- og ansiktsskadar i samarbeid med ØNHKvalifikasjonar* Norsk autorisasjon som oralkirurg, spesialist i oral kirurgi og oral medisin * Mestre skandinavisk språk både muntleg og skriftleg * Tidligare relevant erfaring vert vektlagt Personlege eigenskapar* Pasientorientert * Sjølvstendig * Ansvarsbevisst * Personlig eignaheit for stillinga Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonBenny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194513412 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 17.10.2027 Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.