Reinhaldsoperatør/erfaren reinhaldar
Husøkonomi Førde, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus.
Reinhaldsavdelinga har ledig to faste stillingar i 100 % som reinhaldar.
Stillingane er knytte til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, og arbeidsoppgåvene vil for tida hovudsakleg vere knytte til alle bygg ved sjukehuset.
Arbeidstid
- Arbeidstida er organisert i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06.00-21.00 på kvardagar, inkludert ettermiddags- og kveldsvakter etter gjeldande vaktplan.
- Det er arbeid kvar tredje laurdag og arbeid på helge- og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan.
ArbeidsoppgåverDagleg reinhald av til dømes behandlingsrom, pasientrom i sengepost, kantine, bad og toalett, kontor og fellesareal.
Reinhald av operasjonsstover ved augeoperasjonar
Behovsstyrt reinhald av obduksjonssal.
Periodisk reinhald av dei ulike romkategoriane ved sjukehuset.
Bruk av ulike typar reinhaldsmaskiner, inkludert sittemaskiner
Smitteutvask
Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvalitetskrav i reinhaldsstandard Insta 800
Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet
Delta i utprøving av nye metodar og løysingar som kan effektivisere reinhaldsarbeidet, til dømes reinhaldsrobotar
KvalifikasjonarFagbrev i reinhaldsoperatørfaget.
Ved mangelande kvalifiserte søkjarar med aktuell fagkompetanse, vil søkjarar med erfaring frå reinhaldsyrket verte vurdert.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kjenne til og arbeide etter standard for reinhaldskvalitet Insta 800 og NS 6600.
Må kunne planleggje og utføre periodisk renhold
Må kunne bruke ulike typar reinhaldsmaskiner, oinkludert sittemaskiner
Kjennskap til smitteoverføringspunkt og korleis desse skal reingjerast.
Kjennskap til skiljet mellom reine og ureine soner
Må kunne bruke nettbrett, då alle reinhaldsplaner er digitale.
Må kunne bruke PC, då kurs, prosedyrar og kompetanseplanar er digitale.
Ha interesse for å lære nye og meir effektive metodar innanreinhald, til dømes bruk av større og mindre reinhaldsrobotar.
Personlege eigenskaparVere stabil og påliteleg
Vere målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet
Ha engasjement for reinhaldsfaget og vere oppteken av å lbidra til eit reint og hygienisk sjukehusmiljø
Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
Trivast i eit travelt og omskifteleg arbeidsmiljø
Ta initiativ til å lære ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap innan reinhaldsfaget
Bidra til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Relevant opplæring for stillinga
Varierte arbeidsoppgåver.
Eit triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonElin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378
ArbeidsstedFørde sentralsjukehus
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5182940011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.