Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Arbeidssted
- GLOPPEN, SANDANE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen, Det er åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt.
I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg.
ArbeidsoppgåverHovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar:
hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
legemiddelhandtering
sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver
dokumentasjon
tverrfagleg samarbeid
rettleie studentar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som
held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyrVarierte og lærerike arbeidskvardagar
Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Stilling organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
KontaktinformasjonMarion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
ArbeidsstadGrandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5189641129
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 13.09.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.