Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjåfør klasse B

Opro AS

Arbeidssted
OSTERØY, VALESTRANDSFOSSEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
31. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søkjer sjåfør til varebil klasse B for køyring Osterøy og Bergen. Hva vi ser etter Personen vi ser etter må vere effektiv, serviceinnstilt, ha god fysisk helse og vere omsorgsfull. Personen må handtere uforutsette ting, både med kundar, trafikk og bil, og vere sjølvstendig. Sjåføren har sidemann med seg som har tilrettelagte behov og det er viktig at sjåføren har tolmod, er inkluderande og viser tryggleik. Vi ser etter ein sjåfør som er tru med våre verdiar; respekt, utvikling og meistring. Det er også derfor personen må kunne snakke og forstå godt norsk. Den som vert tilsett vert ein del av personalgruppa som har ansvar for tilrettelegging og planlegging av drift. Fordi vi er ei arbeidsinkluderingsbedrift må vedkommande levere politiattest. Arbeidsoppgaver Vi har oppretta ei stilling som sjåfør på vaskeriet og frukten. Vi har kombinert desse to avdelingane for at vi skal kunne tilby ei full stilling. Arbeidsoppgåvene på frukten er levering av jobbfruktkorger til bedrifter og skulefrukt til skular. Arbeidsområdet er Osterøy og Bergen. På vaskeriet er oppgåva å levere og hente varer. Det er mattebytter, trilling av vogner og bæring av sekkar. Køyringa er til bedriftskundar på Osterøy og rutene er faste. På begge rutene har sjåføren med seg sidemann som er knytt til tiltaket Varig tilrettelagt arbeid. Stillinga er eit engasjement med kontrakt eitt år om gongen. Stillinga er knytt til NAV sitt arbeidsmarknadstiltak VTA- Varig tilrettelagt arbeid og dersom vi får søkjarar med dei rette kvalifikasjonane opphøyrer engasjementet. Vi tilbyr Arbeidstid på dagtid Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø Gode pensjonsordningar Lønn etter avtale Bedriftstrening
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.