Inkluderingspedagog Hjelmelandsbarnehagen 100 % prosjektstilling
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
- Arbeidssted
- HJELMELAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Prosjekt
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me søkjer etter ein engasjert barnehagelærar som trivst i det pedagogiske arbeidet med barna på avdelingane, og som vil bruke kompetansen sin i ein stilling som inkluderingspedagog.
Stillinga er ei 100 % prosjektstilling i Hjelmelandsbarnehagen. Dette inneber at ein jobbar i alle barnehagane i kommunen som inkluderingspedagog, men har ein av barnehagane som “base”. I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar; Hjelmeland, Fister og Årdal.
Inkluderingspedagogen vil vere ein nøkkelperson i utviklinga av ein heilskapleg og inkluderande barnehagepraksis. Fokus vil vere på det praktiske og faglege arbeidet i barnehagen, mellom anna å integrere spesialpedagogisk hjelp i barna sine kvardagsaktivitetar og styrke den allmennpedagogiske kompetansen i barnehagen. Du vil jobbe tett med dei tilsette i barnehagen for å sikre at barn med ulike behov får støtte innanfor fellesskapet.
Arbeidsoppgåver:
utøve pedagogisk arbeid i avdelingane, og vere ein rollemodell i praksis
rettleie og styrke barnehagen sine tilsette i inkluderande praksis og tidleg innsats
sikre at spesialpedagogiske tiltak vert integrert i det allmennpedagogiske arbeidet og i barna sine naturlege læringssituasjonar
jobbe systematisk med pedagogisk analyse for å identifisere og følge opp behov i barnegruppene
samarbeide tett med PPT og andre relevante instansar, for å sikre heilskapleg oppfølging av barn med spesialpedagogiske behov
bidra til utvikling av barnehagen sin kompetanse, innan område som m.a. språk, åtferdsregulering og psykososialt miljø
vere ein ressurs i samtalar med føresette
Personlege eigenskapar:
Me vil vektlegge høgt at du er personleg eigna. Me ser etter deg som:
har engasjement for inkluderande praksis i barnehagen
har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team med barnehagetilsette og eksterne fagpersonar
er sjølvstendig, strukturert og fleksibel, med evne til å drive utviklingsprosessar
trivst med modellering, rettleiing og kompetanseheving av personalet i barnehagen
Kvalifikasjonar:
godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova § 25
gode norskspråklege kunnskapar, skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova § 27 og § 28
kompetanse innan rettleiing og/eller spesialpedagogikk kan verte vektlagt
erfaring med inkluderande praksis, systemarbeid, pedagogisk analyse og tilrettelegging kan vere ein fordel
Varigheit på stillinga: 1 år (kalenderåret 2027), med moglegheit for forlenging.
Me tilbyr:
løn etter gjeldande avtaleverk
pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
barnehagar som er engasjerte i pedagogisk utviklingsarbeid
gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
kompetanseutvikling for alle tilsette
ulike rekrutteringstiltak, m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me som hovudregel redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling.
Hjelmeland kommune er oppteken av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, kulturskule, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaming av søknaden din at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggje ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunen si heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.