Rådgjevar/Seniorrådgjevar innan personvern i utdanning
Høgskulen på Vestlandet
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utdanningskvalitet, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar knytt til internkontroll og personvern i utdanningsfeltet. Om stillinga
HVL har høge ambisjonar for utdanning, forsking og innovasjon. Internrevisjonen i 2026 har peika på at handtering av sensitive data i studentoppgåver utgjer ein av våre største risikofaktorar. Medan vi allereie har på plass ressursar for opplæring for tilsette, opprettar vi no ei ny stilling som skal ha eit særskilt ansvar for å byggje opp og forvalte eit system for systematisk, risikobasert internkontroll og opplæring av studentar. Stillinga skal bidra til å sikre at vi jobbar godt med førebyggjande kontrollarbeid.
Arbeidsstad: Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av dei fem campusane.
Ansvars- og arbeidsområde:Dine hovudoppgåver vil vere:
Ansvar for utvikling og gjennomføring av eit godt system for systematisk internkontroll og stikkprøver av studentprosjekt
Ansvar for oppfølging av personvern i studentoppgåver
Rettleie i risikovurderingar av studentprosjekt, inkludert studentar si bruk av kunstig intelligens (KI)
Ansvar for kontinuerleg forbetring av våre opplæringstilbod, i tett samarbeid med fagansvarleg for opplæring innan forskingsetikk og personvern
Sikre rutinar for korrekt lagring i vår server for lagring av sensitive forskingsdata, samt anonymisering og sletting av data ved prosjektslutt
Bidra til at fakulteta har oppdaterte oversikter over pågåande prosjekt og deira lagringsstatus
Delta i utgreiing-, analyse- og implementeringsarbeid knytt til ansvarsområdet
Halde seg oppdatert på nasjonale og internasjonale bestemmingar og retningslinjer innan ansvarsområdet
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar:Du må ha:
Dokumentert mastergrad innan relevante fagområde
God kunnskap om personvernforordninga (GDPR) og informasjonssikkerheit
Erfaring med prosjektleiing og formidling
Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå revisjon eller arbeid med internkontroll
Kjennskap til meldesystem for personvern (t.d. Sikt) og forskingsetikk
Forståing for personvernutfordringar knytt til bruk av KI
Erfaring med å lage e-læringsmoduler
Personlege eigenskapar:
Vi søker ein medarbeidar som:
Arbeider strukturert, analytisk og har stor gjennomføringskraft
Kan kommunisere komplekse krav på ein pedagogisk og tydeleg måte
Er løysingsorientert og tek initiativ til forbetring av administrative prosessar
Vi tilbyr:Eit spennande og viktig fagfelt under utvikling.
Gode moglegheiter for fagleg oppdatering og kompetanseheving.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Fleksibel arbeidstid og eit godt arbeidsmiljø.
Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter
Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 (rådgjevar) /
1364 (seniorrådgjevar).
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:Avdelingsleiar Solfrid Kjoberg
Telefon: +47 57 67 62 04
E-post: Solfrid.Kjoberg@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.