Helsefagarbeidar
Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Barn og unge sengepost og poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % engasjement som helsefagarbeidar.
Periode: frå snarast til 30.04.2026
Grunna permisjon og pågåande omorganisering og tenesteutvikling i avdelinga, har vi ledig ei engasjementstilling som helsefagarbeidar. Tidlegare var stillinga knytt til poliklinisk drift, men sengepost og poliklinikk er no samlokalisert i same etasje og organisert i ein felles seksjon: Barne og unge sengepost og poliklinikk.
Endringar i drift kan påverke innhald og organisering av stillinga. Stillinga er i første omgang i poliklinikken, men vil kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost, avhengig av behov.
Helse Førde er i ein prosess med vidare tenesteutvikling, og framtidig organisering av seksjonen og tilhøyrande oppgåver er ikkje endeleg avklart. Arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i tråd med utviklinga i tenesta.
Om avdelinga
Barne og ungdom sengepost og poliklinikk, er ein spennande og variert seksjon med eit breitt fagfelt. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.
Poliklinikken gir medisinsk utgreiing og oppfølging. Dei mest vanlege diagnosane er innan: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage–tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.
Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde.
Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar hos oss vil du møte både akutte og kronisk sjuke barn og unge, og bidra i varierte oppgåver i seksjonen etter behov.
Arbeidet er tverrfagleg og skjer i tett samarbeid med kollegaer, pårørande og primærhelsetenesta.
Du deltek i daglege pasientnære oppgåver, og dokumentasjon i DIPS og Meona er ein naturleg del av arbeidet.
Arbeidstid er for tida dagtid.
KvalifikasjonarDokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel med erfaring frå sjukehusdrift, gjerne også med barn.
Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring i interne program vert gitt.
Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert.
Personlege eigenskaparBidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Arbeide godt både sjølvstendig og i team
Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Tilpassingsdyktig
Gode kommunikasjonsevner
Evne til systematisk arbeid
Likar å jobbe med barn og foresatte
Vi tilbyrHøgt fagleg nivå
Varierte og spennande oppgåver
Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø
Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonJorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5191267458
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 22.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.