Kantinemedarbeidar
Måløy vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- KINN, DEKNEPOLLEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag, og TAF/YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Kantina ved Måløy vidaregåande skule er ein viktig del av det sosiale livet i skulen. Det er ein viktig møteplass for elevane der dei kan kjøpe mat, ete, vere sosiale, gjere skulearbeid eller berre slappe av. Tilsette i kantina og det å jobbe i kantina er difor eit viktig bidrag i skulen sitt miljøarbeid.
Måløy vidaregåande skule har ledig 40% stilling i kantina frå 1. november-26.
ArbeidsoppgåverTilberede mat, servering, sal av mat (kasse), i tillegg til andre tilhøyrande oppgåver i kantina som til dømes dagleg reinhald av kjøkkenet. Ta del i skulen sitt miljøarbeid.KvalifikasjonarDet er ønskelig med relevant fagbrev, men ikkje eit krav. Erfaring frå kafe og kantinearbeid er ein fordel. Interesse for ungdom og å arbeide med ungdom er viktig for å gå inn i stillinga. Personlege eigenskaparGodt humør, ansvarleg og med god gjennomføringsevne
Sjølvstendig, løysingsorientert og god til å samarbeide
Interesse for å jobbe med ungdom - relasjonsorientert
Vi tilbyrLøn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
KontaktinformasjonAnita Olaug Otneim Hoddevik, avdelingsleiar, 99704572, anita.olaug.otneim.hoddevik@vlfk.no
ArbeidsstadNordfjordvegen 9111
6718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5188908898
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 12.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.