Drifts- og vedlikehaldsleiar
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgADrifts- og vedlikehaldsleiarEigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av universitetet sine bygg og uteområde. Med høg fagkompetanse og tett samarbeid med fagmiljø og universitetsleiing, bidrar Eigedomsavdelinga til utviklinga av UiB som eit leiande universitet.
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i tre driftsområde, der to er lokalisert på Nygårdshøgda og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein områdeleiar. Ved kvart driftsområde er det drifts- og vedlikehaldsleiarar som rapporterer til områdeleiar. Driftsområda har òg driftsteknikarar som arbeider på dagtid.
Det er no 2 faste 100% stillingar som drifts- og vedlikehaldsleiar i eitt av driftsområda. Vi styrker bemanninga, sidan driftsområdet vil bli involvert i fleire store og viktige prosessar og prosjekt som Eigedomsavdelinga står framfor dei neste åra. Drifstsseksjonen vil vere sentral i implementering av nytt FDV-system, og vil også bli påverka av store bygge- og rehabiliteringsprosjekt som er under planlegging, m.a. rehabilitering av Historisk museum og nybygg for Det humanistiske fakultet.
Stillingene er plassert i Driftsområde Nord (Sydnes/nordlege Nygårdshøgda). Dette driftsområdet har ansvaret for ein variert bygningsmasse, m.a. kontor- og undervisningsbygg, bibliotek og veksthus, men òg nærvarmeanlegg, magasin og museum med høgare teknisk kompleksitet og krav til stabil drift.
Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til områdeleiar.
Arbeidsoppgåver:Drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar i samsvar med lover og forskrifter
Planlegging av kort- og langsiktig vedlikehald
Arbeidsleiing av driftspersonell
Vere pådrivar for kontinuerlege forbetringar
Innkjøp av varer og tenester i samsvar med driftsområdet sitt budsjett
Yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
Oppfølging av leverandørar
Styring av oppdrag på ein måte som sikrar at UiB er ein trygg arbeidsplass
Vere med å utvikle interne rutinar
Overlappe for dei andre drifts- og vedlikehaldsleiarane og områdeleiar ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Relevant utdanning, til dømes teknisk fagskule, fortrinnsvis innan byggtekniske fag. Lang relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning, men søkjar må minimum ha fagbrev.
Relevant erfaring frå drift og/eller vedlikehald av bygg og tekniske anlegg
God tverrfagleg innsikt i bygg og tekniske installasjonar
Gode IT-kunnskapar
Erfaring frå arbeid med budsjett, økonomi og administrasjon
Erfaring med arbeidsleiing
Vi ser etter ein person som er/har:
Gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg
Strukturert, systematisk og effektiv
Evne og vilje til å bidra til godt arbeidsmiljø og samhandling internt og på tvers av organisasjonen
Initiativrik og kreativ med interesse for utvikling
Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig sjølv med tidvis store arbeidsmengder
Fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med endringar og varierte arbeidsoppgåver
Ynskje om å levere god service og sørge for gode bygg for tilsette og studentar
Vi tilbyr:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Løn etter stillingskode driftsleiar (kode 0400) - for tida kr 750 000 - 784 000 avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Opplæring og høve til vidareutdanning og utvikling
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Områdeleiar Sanjin Redzic, tlf.: 97621456
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.