Ergoterapeut
Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du ergoterapeut og kan starte på kort varsel?
Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid!
Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026.
Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling.
Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar.
Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på.
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Vi ser etter deg som:
Er autorisert ergoterapeut
Kan starte på kort varsel
Trivst med sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
Aktuelt for deg?
Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon!
Vi håpar å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverVurdering og kartlegging av pasientar med hjerneslag
Vurdering og kartlegging av medisinske og geriatriske pasientar
Hjelpe til med formidling av interne hjelpemiddel til avdelingane på sjukehuset
KvalifikasjonarAutorisert ergoterapeut med norsk godkjenning
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Erfaring med aktuell pasientgruppe er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskaparDu er fagleg engasjert og har evne til å arbeide sjølvstendig
Du har gode kommunikasjonsevner
Du har gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonHenrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 93 46 13 52, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197794282
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.