Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar

Korttid/rehabilitering

Arbeidssted
BØMLO, BREMNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie? Då kan dette vere stillinga for deg! Ved avdelinga for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter har me ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med ordinære vakter og arbeid kvar tredje helg. På sikt kan det bli mogleg å ønskje langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og ein variert pasientgruppa. Pasientane kjem til oss frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, mellom anna for kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ei lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for å sikre gode pasientforløp. ArbeidsoppgåverUtføre heilskapleg pleie og omsorg. Oppfølging av pasientar og pårørande. Aktiv rehabilitering. Dokumentasjon i elektronisk journalsystem. Primærkontaktoppgåver. Tverrfagleg samarbeid. Rutinearbeid på avdelinga (kjøkken, skylleroms- og anna avdelingsarbeid). Oppfølging av elevar og lærlingar. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.  KvalifikasjonarAutorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar. Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektronisk pasientjounal. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Du må minimum ha bestått norskprøve på nivå B2. Ønskjelege kvalifikasjonar: Relevant vidareutdanning er ein fordel. Erfaring frå arbeid innan korttid, rehabilitering eller lindrande behandling. Erfaring med tverrfagleg samarbeid. Kunnskap om observasjon, dokumentasjon og oppfølging av pasientar med samansette behov. Personlege eigenskaparDu er trygg i rolla di og har evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivs med tett samarbeid i eit tverrfagleg team. Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer ein variert arbeidskvardag med ro og struktur. Du er god til å vurdere situasjonar, ta ansvar og setje i verk nødvendige tiltak – også i krevjande situasjonar. Du har eit ekte engasjement for pasientane sine behov, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø. Ved vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.  Vi tilbyrVarierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune. Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd. Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Politiattesten må ikkje vera eldre enn tre månadar. Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.  KontaktinformasjonIsabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar , 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no ArbeidsstadLeirdalen 25 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5170135238 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 06.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.