Forskar (100%), ved Insititutt for Biomodisin
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar ved Institutt for biomedisinVed Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) i det eksternfinansierte prosjektet «Converging cancer neuroscience and immuno-oncology for a novel gene therapy against brain tumors».
Ønska oppstart i stillinga er 1. januar 2027. Prosjektet har ei førebels finansiering for stillinga frå Europeisk forskningsråd fram til 30.09.3031. Forskaren vil arbeide med eit komplekst og tverrfagleg cellebiologisk prosjekt som spenner over kreftnevrovitskap og immunonkologi. Mekanismar for kommunikasjon mellom tumor og astrocyttar, samt interaksjonar mellom kreftcelledød og makrofagar, vil bli undersøkt for å etablere ei ny behandling for hjernesvulstar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Utføre in vitro- og in vivo-eksperimentar for prosjektet
Analysere og tolke eksperimentelle data
Utføre bioinformatiske analysar av RNA-sekvensering og spatial transcriptomics data
Delta i manuskriptskriving og skriving av søknader om forskningsmidlar
Rettleie master- og doktorgradsstudentar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan cellebiologi og molekulær biologi inkludert metoder som cellekultur (dyrking og eksperimenter), flow cytometri, dyreforsøk og kunnskap i analyser av bioinformatiske data som for eksempel RNA sekvensering.
Det er ønskelig at forskeren skal ha erfaring med konfokal mikroskopi og erfaring med analyser av spatial transcriptomics data
Erfaring frå forskning innafor immunologi, nevrovitskap og kreft vil bli tillagt stor vekt.
Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Personleg eigenskapar for stillinga og forskingsgruppa vil bli tillagt stor vek
Særlege krav til stillinga
Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.
Søknaden skal innehalde:Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:Stillinga er fast, men er for tida finansiert gjennom eksterne forskingsmidlar. Søkjarar blir gjorde merksame på at bortfall av finansiering kan få konsekvensar for stillinga. Dersom finansieringsgrunnlaget fell bort, kan dette gi grunnlag for oppseiing etter reglane i statsansattelova. Reglane om oppseiing og fortrinnsrett i statsansattelova vil då gjelde
Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Vi kan tilby:Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan hjernekreft
Løn for tida kr 690 000 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 710 000, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Hrvoje Miletic.
For spørsmål om rekruttering og HR-relaterte forhold, kontakt HR-rådgjevar Selina Sia Hausberg.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.