Allsidig jobb som sjukepleiar?
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
- Arbeidssted
- VINDAFJORD, ØLEN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du bruka sjukepleiarkompetansen din der han verkeleg betyr noko?
Me søkjer to sjukepleiarar i faste stillingar på 80–100 % ved korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Ølen omsorgssenter.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsdagar i ei kollegagruppe som spelar kvarandre gode. Du blir ein del av eit lag med sjukepleiarar, teamsjukepleiar, helsefagarbeidarar, assistentar og servicemedarbeidar. Du får òg gode kollegaer på somatisk langtidsavdeling og leiarar som ønskjer å høyra innspela dine.
Som sjukepleiar hos oss får du bruka både den faglege kompetansen og evna di til å sjå menneska du møter. Du må òg rekna med å bidra på somatisk langtidsavdeling ved behov.
Om Ølen omsorgssenter
Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjon og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med.
På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune.
Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver i løpet av dagen. Det gir helsepersonellet betre høve til å konsentrera seg om dei faglege oppgåvene. Konsulentfunksjonar hjelper òg til med mellom anna innleige og innkjøp.
Me nyttar pasientvarslingssystem, mellom anna RoomMate, og IKOS-tavler i det daglege arbeidet.
Slik arbeider me
På korttids- og rehabiliteringsavdelinga arbeider me tett saman for å gi kvar pasient oppfølging tilpassa sine behov. Me samarbeider med terapiavdelinga, kreftkoordinator, heimetenesta og tenestekontoret for å skapa gode og samanhengande tenester.
Avdelinga har Vindafjord kommune si lindrande seng, og me har stort fokus på palliasjon. Me tek òg imot pasientar på vekselopphald.
Kartlegging er ein viktig del av arbeidet vårt. Me nyttar mellom anna CFS, MNA, ESAS og IPLOS for å vurdera behov og planleggja oppfølging. Samstundes legg me vekt på spørsmålet «Kva er viktig for deg?», slik at pasienten sine eigne ønskje og mål får ein sentral plass.
Kva får du jobba med?
Hos oss får du bidra til gode tenester og ein trygg kvardag for pasientar og bebuarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Stell, pleie og observasjon, med oppfølging og tiltak ut frå behova til den enkelte
Sjukepleiefagleg kartlegging, mellom anna med NEWS, og utarbeiding av pleieplanar
Legemiddelhandtering og kontakt med lege og pårørande
Rettleiing og tverrfagleg samarbeid
Bidrag til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
God IKT-kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som ønskjer å yta gode tenester i eldreomsorga og trivst med å møta menneske med varierte og samansette hjelpebehov. Du er fagleg interessert, løysingsorientert og ser etter moglegheiter for forbetring.
Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta, også når arbeidsdagen er hektisk. Samstundes er du fleksibel og ser verdien av å samarbeida på tvers av avdelingane. Du bidreg til eit arbeidsmiljø der kollegaer blir høyrde og respekterte.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kva kan me tilby?
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Varierte sjukepleiefaglege oppgåver og tett tverrfagleg samarbeid
Leiarar som ønskjer innspel frå medarbeidarane
Støtte til fagleg utvikling gjennom kurs og utdanning, mellom anna ved at me søkjer kompetansemidlar
Servicemedarbeidar som avlastar med praktiske oppgåver
Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Årsturnus
Velg mellom ordinære vakter- langvakter kun helg og ordinære i vekene eller rein langvakt.
Du kan arbeide tredje eller fjerde kvar helg!
Helgeavtale: 1000 kr / gått vakt over 389 helgetimar/år
Kompensasjon for helgearbeid med 500 kr/ vakt for gått vakt
25 000 kr i rekrutteringstillegg
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Det fordrar at du kan arbeide på tvers av avdelingane ved behov.
Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebookside til å bli litt betre kjent med oss.
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.