Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar/seniorrådgjevar - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Høgskulen på Vestlandet

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i 2 år ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrettStillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, og er tilknytta Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet med campus Bergen som arbeidsstad. Oppstart i stillinga er snarast og med varigheit i 2 år, med moglegheit for forlenging. Frå hausten 2026 aukar vi innsatsen vår på ein meir praktisk og fysisk aktiv skule gjennom ei auka tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidet er ein del av regjeringa si oppfølging av Stortingsmelding 34 (2023-24) om ein meir praktisk skule. Vi skal setje i gang, følgje opp og evaluere utviklingsprosjekt i skular som skal stimulere til ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag. Samarbeidet med skulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjon. Målet er praksisendring i skulane og stimulere til læring, motivasjon og trivsel for elevane. Den utlyste stillinga kommer til å bidra i dette arbeidet i tillegg til arbeidsoppgåver inn mot andre delar av senteret si verksemd og ansvarsområde, og med både barnehage, SFO og skule i eit heilheitleg perspektiv. Ansvars- og arbeidsoppgåver:Bidra i kompetanseutviklingstiltak og samskaping med skular om praktisk og fysisk aktiv skule Nettverksamarbeid, erfaringsdeling og formidling Administrative oppgåver i samband med prosjektgjennomføring  Utvikle og formidle digitalt støtte- og rettleingsmateriell og kompetanseutviklingstiltak primært retta mot skule Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid med leik, fysisk aktivitet og måltidsarbeid i barnehage, skule og SFO, og med skulefaga mat og helse og kroppsøving Rapportering, formidling og publikasjonar (rapportar, policy briefs, retningslinjer og presentasjonar i ulike forum) Institusjonsbyggjande arbeid medrekna fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen Det vil bli noko reising i stillinga.  Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse: Høgare utdanning på minimum masternivå innanfor eit relevant fagområde for stillinga (lærarutdanning, utdanningsvitskap, folkehelse, fysisk aktivitet, sosiologi eller andre nærliggande fag) Dokumentert erfaring frå arbeid i/med grunnskulen God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Ønska kvalifikasjonar: Erfaring frå prosjektarbeid Erfaring frå utviklingsarbeid relevant for stillinga Erfaring med formidling/kommunikasjonsarbeid Kompetanse innan praktisk og fysisk aktiv undervisning Kunnskap om skulesektoren og norsk skulestruktur  Kunnskap om skulepolitikk Digitale ferdigheiter Vi ser etter deg som: kan arbeide både sjølvstendig og i team, ta initiativ og vere ein pådrivar er fleksibel og løysingsorientert har evne til å arbeide strukturert og systematisk har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø Vi tilbyr:Spennande og utviklande oppgåver i samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer Ei stilling som legg til rette for å lære seg nye ferdigheiter Moglegheit for å jobbe tett opp mot direktorat og departement Varierte arbeidsoppgåver Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse Moglegheit for trening i arbeidstida og andre tilsettgoder og fordelar Gode lokaler tilpassa varierte arbeidsoppgåver Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For spesielt godt kvalifiserte søkarar kan stillingskode 1364 - seniorrådgjevar vurderast. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.  Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.