Vil du ha ei sentral nøkkelrolle i eining tilrettelagte tenester?
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
- Arbeidssted
- VINDAFJORD, ØLEN, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me søkjer fagarbeidar innan kontor og administrasjon der du vil få ei sentral rolle hos oss som konsulent!
Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske!
Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte.
Stillinga er organisert i eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen.
Kva får du jobba med hos oss?
administrative og merkantile oppgåver for eininga
saksbehandling og dokumenthandtering
registrering og oppfølging i ulike fagsystem
telefon og eposthandtering
støtte til leiarar og tilsette i det daglege arbeidet
korrdingering og oppfølging av møter og avtalar
andre førefallande kontoroppgåver
Me kan tilby:
Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Gratis parkering.
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i kontor- og admininstrasjonsfaget er ynskjeleg.
Anna relevant utdanning på fagarbeidarnivå/og eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev og vil bli vurdert.
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
Trivst med å ha mange ballar i lufta samstundes
Har god digital kompetanse og evne til å setja deg inn i nye system
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Velkomen som søkjar hos oss- me ser fram til å få ein ny kollega som vil vera med og bidra til gode tenester for innbyggjarane våre!
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.