Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar – to faste stillingar ved Stord sjukehus

Kirurgisk og medisinsk avdeling Stord sjukehus

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

To sengepostar – mange moglegheiter for deg som er helsefagarbeidar! Vi har to ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar ved Stord sjukehus – éi ved Medisin 4 og éi ved kirurgisk sengepost. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der helsefagarbeidarar og sjukepleiarar samarbeider tett om å gi pasientane god pleie og behandling. Du får ein variert arbeidskvardag med ulike pasientgrupper, faglege utfordringar og kollegaer som støttar kvarandre. Dette er dei ledige stillingane: Kirurgisk sengepost: 100 % fast stilling, ledig frå 1. november 2026 Medisin 4: 100 % fast stilling, ledig frå 1. januar 2027, med moglegheit for tidlegare oppstart. Stillingsprosenten kan bli redusert som følgje av fortrinnsrett til utvida stilling. Begge stillingane har todelt turnus med 16 arbeidshelger i året og moglegheit for langvakter i årsturnus. Vi legg vekt på god opplæring og ønskjer at du skal kjenne deg trygg og godt teken imot som ny medarbeidar. 👉Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du vil søke! Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å arbeide ved Medisin 4, kirurgisk sengepost eller begge. Kva går jobben ut på? Dagleg pleie og oppfølging av pasientar Bidra i tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar Hjelpe til med generelle postoppgåver og praktiske gjeremål Vere ein god rollemodell i oppfølginga av lærlingar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du har erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy. Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som: møter pasientar og pårørande med omsorg og respekt samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper tek ansvar og arbeider sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde held oversikt og prioriterer oppgåver i ein variert arbeidskvardag ønskjer å utvikle deg fagleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du: Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar Regelmessige fagdagar og moglegheit for fagleg utvikling Ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar Moglegheit for langvakter i årsturnus Vitnemålsportalen  Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGloria Hauan, Funksjonsleiar medisinsk sengepost, 91300840, glohan@ihelse.net Halvor Jordåen, Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost, 97636378, halj@ihelse.net ArbeidsstadTysevegen 64 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5197155477 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.