Sande omsorgssenter har ledig 100 % stilling som
Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, SANDE I SUNNFJORD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.
Vi har ledig:
100 % stilling i 1 års vikariat som helsefagarbeidar
Arbeidsoppgåver:ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane
sikre dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar
samarbeide med pasienter
samarbeide med pårørande og medarbeidarar
rettleie og gje støttestamtalar
legge til rette for aktivitet
Kvalifikasjonskrav:norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg somhar ønske og glede av å arbeid med menneske med ulike hjelpebehov
er fagleg engasjert og vil utvikle gode tenester
evnar å jobbe sjølvstendig og i team
er løysingsorientert og fleksibel
er strukturert og ansvarsbevist
er lojal og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr deg:drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
pasientnært og fagleg fokus
spanande og faglege utfordringar
leiing som er nær
rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 7 000 per år til fagarbeidar i omsorgssenter
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
moglegheit for langvakter
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.
Før tilsetting må søkar kunne levere politiattest uten merknader.
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.