Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

100% stilling som fagleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Ullensvang kommune Omsorgstenesten aust Kinsarvik

Arbeidssted
ULLENSVANG, KINSARVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ledig fast stilling som fagleiar - stillingsstorleik 100 %   Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust - Kinsarvik   Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.   Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.  Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter.    I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø . Tenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag .  Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester ,  tenester som er tilpassa kvar enkelt.  No treng me ein fagleiar på laget , som skal arbeide tett med verksemdsleiar , avdelingsleiarane og dei andre helsearbeiderane i tenesta. Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat. God opplæring vert gitt .  Arbeidsoppgåver: Ha oversikt over hjelpebehovet til pasientane i heile tenesta  Ekstra ansvar for at me har oppdaterte og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Aidn Ekstra ansvar for oversikt over at ulike arbeidsoppgåver vert utført Ekstra ansvar for at IPLOS er oppdatert  Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar, og vere med å lage  og oppdatere desse Tett samarbeid med pårørande  Bidra i arbeidet med opplæring av nytilsette Oppfølging etter legevisitt Legemiddelhåndtering og opplæring Narkotikakontroll Halde seg fagleg oppdatert Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål  Følgje  eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane Vere med i arbeidet  vårt med å nytte musikkbasert miljøbehandling og Touch and play.  Kvalifikasjonskrav: Leiarutdanning eller leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav Autorisasjon som sjukepleiar  Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar: Gode samarbeidsevner Endringsdyktig  Positiv Evner til nytenkning Likar utfordringar Tar initiativ og ansvar Fleksibel Engasjert Punktlig og strukturert Gode kommunikkasjonsevner  Me tilbyr: Varierte arbeidsoppgåver Spennande arbeid  Lønn etter hovudtariffavtalen Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen Årsturnus Gode permisjons- og pensjonsvilkår Lønn etter hovudtariffavtalen Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Gode rekrutterings ordningar  Krav: Politiattest jfr gjeldande lov Krav til førarkort: Krav til B2 muntlig, skriftlig B1. Språkkunskaper kan og verte vurdert individuelt. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.