Er du vår nye brannkonstabel?
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 100% fast stilling (+ 3% vaktstilling) som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.
Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.
Arbeidsstad Brannstasjonen på Moberg
Arbeidsoppgåver:
brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
instruktør/ kurshaldar
informasjon- og motivasjonsarbeid retta mot barn og unge
drift og vedlikehald av utstyrsparken
fagansvar for tildelt fagfelt
halde seg oppdatert på IKT-system og HMS-føringar
bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må ha bustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Kvalifikasjonar:
du har fullført fagskoleutdanning fra brann og redningsskolen eller grunnkursopplæring fra brann- og redningsskolen (heltids grunnkurs, deltids grunnkurs påbegynt før 1.3.2022 eller tilsvarende yrkesutdanning for brannkonstabel jf. Brann og redningsvesensforskriften § 37)
du må ha god fysisk og psykisk helse
du må kunne tilfredstille krava til å vere røykdykkar
du må ha minimum førarkort klasse B
du må pårekne å ta førarkort klasse C for eigen rekning innan 1 år om du ikkje har dette fra før
du må vere svømmedyktig
du må ha gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har:
erfaring frå beredskapsarbeid
kode 160
redningsdykkarkompetanse
førarkort BE
båtførarprøven
førstehjelpskompetanse
avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
Vi gjer merksam på at det kan avtalast bindingstid dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte til opplæring. Bindingstida kan vere på inntil to år, jf. Hovudtariffavtalen.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Trening i arbeidstida
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Lønn etter gjeldande avtalar
Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.