Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse.
Voss sjukehus/ Voss Intensiv, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
STILLINGA:
Intensivavdelinga ved Voss Sjukehus søker deg som er Intensivsjukepleiar eller er sjukepleiar med erfaring frå overvakingspasientar. Vi kan tilby allsidige og faglege utfordrande arbeidsoppgåver saman med gode arbeidskollegaer. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat til 10.01.2027 med gode moglegheiter for forlenging eller fast tilsetjing.
AVDELINGA:
Intensivavdelinga er ein tverrfagleg spennande arbeidsplass som kombinerer ØH og elektiv drift, og består av 14 intensiv- og overvakingssenger. Vi behandlar pasientar med organsvikt innan indremedisin, kirurgi og traume, og gir både invasiv og noninvasiv respirasjonstøtte. Dei mest kompliserte intensivpasientane blir stabilisert før transport til Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga fungerer som pre - og postoperativ oppvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgiske forløp.
Avdelinga bidrar inn i traumemottak samt med kollegastøtte på sengepostane. Vi har og telemetriovervaking for sengepostane. Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn med hovudvekt av intensivsjukepleiarar. Vi har fokus på godt miljø både på jobb og utanfor arbeidstid.
VOSS SJUKEHUS:
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Vi er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell!
Sjukehuset har mellom anna eigen sjukehusrevy, deltek i idrettsarrangement for bedrifter samt skipar til årlege samankomster på tvers av heile sjukehuset.
VOSS - bygd for sterke opplevingar:
Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
ArbeidsoppgåverSjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
God omsorg for pasient og pårørande
Ansvar for pre- og postoperativ sjukepleie
Samarbeid på tvers
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning som intensivsjukepleiar eller sjukepleiar med overvakingskompetanse
Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparVi ønsker deg som søker faglege utfordringar, med god evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
Du tek ansvar og jobbar strukturert og nøyaktig
Du har evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og er løysingsorientert
Du er samarbeidsvillig, fleksibel og med gode kommunikasjonsevner
Du bidreg aktivt for eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrEit tverrfagleg arbeidsmiljø som medverkar til fagleg og personleg utvikling
Ein sosial og aktiv arbeidsplass, med varierte arbeidsoppgåver og god breiddekunnskap
Fokus på fag og simulering
Kompetanseutvikling med kompetanseplan/mål
3-delt turnus med 16 arbeidshelger
Nytilsett program
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKristin Sandstå Brattebø, Seksjonsleiar, 41566424
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5181863469
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.