Radiograf Nukleærmedisin
RADIOLOGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du radiograf med interesse for nukleærmedisin? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Seksjon for nukleærmedisin og støttefunksjonar, Radiologisk avdeling, Ålesund sjukehus har ledig 100 % vikariat med varigheit på eit år med moglegheit for forlenging.
Radiologisk avdeling er ei felles avdeling for Ålesund og Volda sjukehus, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt spekter av undersøkingar innan røntgen, intervensjon, ultralyd/doppler, CT, MR, beintettheitsmåling og nukleærmedisin.
Seksjon for nukleærmedisin og støttefunksjonar er utstyrt med moderne teknologi og tilbyr undersøkingar på både SPECT/CT og PET/CT. Dette gir spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i rask utvikling, med høgt fokus på kvalitet, pasientbehandling og tverrfagleg samarbeid.
Ålesund er kjent for sin vakre natur og unike plassering mellom fjord og fjell. Her finn du gode moglegheiter for friluftsliv året rundt, med nærleik til turstiar, fjelltoppar, skianlegg, hav og spektakulære naturopplevingar. Byen byr også på eit rikt kultur- og fritidstilbod, og er eit attraktivt område for både familiar og dei som ønskjer ein aktiv livsstil.
Vi ber om at attester og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.
ArbeidsoppgåverUtføre nukleærmedisinske undersøkingar og behandlingar.
Klargjering, planlegging og oppfølging av pasientar før, under og etter undersøkingar.
Tilbereding og administrering av radioaktive legemiddel i samsvar med gjeldande prosedyrer og regelverk.
Kvalitetskontroll, bildeopptak og etterbehandling av undersøkingar på gammakamera (SPECT/CT).
Bidra til strålevern, kvalitetssikring og kontinuerleg forbetringsarbeid.
På sikt mogligheit for arbeid med PET/CT.
Hovuddelen av arbeidet vil vere knytt til Seksjon for nukleærmedisin og støttefunksjonar . Samstundes må den som blir tilsett vere innstilt på å bidra ved andre modalitetar ved radiologisk avdeling ved behov.
KvalifikasjonarAutorisert radiograf
Erfaring innen nukleærmedisin er ein fordel, men ikkje et krav
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparDu har interesse for nukleærmedisin
Du er motivert til å gjennomføre videreutdanning i nukleærmedisin på sikt
Du er fagleg engasjert og kvalitetsbevisst
Du arbeider sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
Du har gode samarbeidsevner
Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Eit spennande og framtidsretta fagfelt i kontinuerleg utvikling
Grundig opplæring og fagleg støtte frå engasjerte kollegaer
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonKristin Humlen, Seksjonsleder, Kristin.Humlen@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5171128543
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.