Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar - 100 % fast

Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune

Arbeidssted
VINJE, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
20. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Brenn du for menneske, fag og utvikling? Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett. No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre. Me  ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen. Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar.  Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga. Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam. Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjonar, noko som gir rom til å prioritere leiing, medarbeidarutvikling og vidareutvikling av tenestene. Kvifor velje denne stillinga? Fordi du får høve til å vere tett på menneska, utvikle eit fagmiljø og påverke korleis tenestene skal sjå ut i framtida. Dette er ei rolle for deg som ynskjer meir enn å drifte. Du vil vere med å skape utvikling, byggje kultur og gjere ein forskjell for både bebuarar og medarbeidarar. ArbeidsoppgåverLeie, motivere og følgje opp medarbeidarar i det daglege Sikre god bemanning, drift og ressursbruk innan vedtekne rammer  Ha ansvar for Helse, Miljø og Sikkerheit som m.a arbeidsmiljø og oppfølging av sjukefråvær Samarbeide med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar for å utvikle gode tenester Fylgje opp budsjett og økonomiske resultat Byggje ein kultur prega av tillit, samarbeid, læring og ansvar KvalifikasjonarRelevant utdanning på minimum bachelornivå innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag Erfaring frå helse- og omsorgstenester, gjerne frå tenester til personar med funksjonsnedsettingar Leiarerfaring med personal,- fag og økonomiansvar  God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring God økonomiforståing God munnleg og skriftelg framstillingsevne på norsk Sertifikat klasse B Det er ein fordel om du har Leiarutdanning Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid God digital kompetanse Personlege eigenskaparMe trur du vil lukkast hos oss dersom: du er ein trygg og relasjonell leiar som får folk til å spele kvarandre gode du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for samarbeid, læring og utvikling du trivst med å vere tett på medarbeidarane og motiverer andre til å ta ansvar og bruke kompetansen sin du er tydeleg når avgjerder må takast, og du evnar å kombinere dagleg drift med blikk for utvikling og nye moglegheiter du ser løysingar, arbeider strukturert og ynskjer å skape tenester som blir endå betre i morgon enn dei er i dag Me tilbyr Ei spennande og meiningsfull leiarrolle der du får moglegheit til å gjere ein forskjell for brukarar, pårørande og medarbeidarar. Høve til å påverke utviklinga av tenesta og vere med på å forme framtidas løysingar Eit inkluderande leiarfellesskap med engasjertekollegaer og gode støttefunksjonar. Tilpassa opplæring og mentorordning som gir deg ein trygg start. Gode høve til fagleg og personleg utvikling. Konkurransedyktige lønsvilkår . Årsløn på kr 886.000  Gode pensjons- og forsikringsordningar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonCarsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no ArbeidsstadÅmotvegen 2 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5176113294 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.