Miljøarbeider
Notevarp omsorgsboliger
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, GVARV, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?
Er du ein engasjert og trygg miljøarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb? Trivst du med varierte arbeidsdagar, ansvar og gode relasjonar? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Notevarp, ei avdeling under Bu og meistring i Midt-Telemark kommune, søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % vikariat. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der vi kvar dag arbeider for å skape gode liv, meistring og utvikling for menneska vi følgjer opp.
På Notevarp bur menneske med ulike bistandsbehov, og som miljøarbeidar vil du bidra til å skape tryggleik, føreseielege rammer og innhaldsrike kvardagar. Ingen dagar er heilt like, og du får moglegheita til å nytte både fagkompetansen din og dei personlege eigenskapane dine i møte med brukarane.
Du vil vere ein viktig støttespelar i kvardagen deira og bidra til å styrkje sjølvstende, meistring og livskvalitet. Gjennom gode relasjonar, tryggleik og fagleg oppfølging er du med på å leggje til rette for at kvar enkelt kan leve eit mest mogleg sjølvstendig og meiningsfullt liv. Hos oss står brukarmedverknad, respekt og individuelle behov i sentrum.
ArbeidsoppgåverMiljøarbeid
Følge dagsplaner til brukere
Delta aktiv i teamet rundt bruker og ellers i miljøet
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå)
Ønska kompetanse
Helsefagarbeider
Barn og ungdomsarbeider
Andre med relevant utdanning - og eller erfaring kan vurderes.
Du bør ha kompetanse knyta til HOL kap.9 vedtak.
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Personlege eigenskaparDu er engasjert, omsorgsfull og oppteken av å skapa gode relasjonar.
Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar.
Du er fleksibel og løysingsorientert.
Du handterer uventa situasjonar på ein trygg og roleg måte.
Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeida i team.
Du er oppteken av brukarmedverknad, meistring og livskvalitet.
Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyrE-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonLuul Elmi, Avdelingsleiar, +47 48232548
ArbeidsstadSkrivarvegen 1
3810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5164255529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.