Marknadskoordinator
Nav Sogndal // Tenester til arbeidsgjevar
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 21. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn
Om Nav region Sogn
Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen. Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.
Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.
Kva går jobben ut på?koordinere og vidareutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkludering
byggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehov
planlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetar
samarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sogn
vere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstilling
delta i fylkesvise og nasjonale marknadsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen, opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha
fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeid
god forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behov
gode digitale ferdigheiter
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid
erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid
kjennskap til næringslivet i Sogn
Kven er du?byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiter
deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidet
får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar
Kvifor velje oss?spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
relevant opplæring og gode høve til utvikling
fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida
løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.000 - 729.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
KontaktinformasjonJonas Grotle Førde, Nav-leiar Vik, 97614679, jonas.grotle.forde@nav.no
Rigmor Wathne, Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr, 47286676, rigmor.wathne@nav.no
ArbeidsstedSognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5172555856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.