Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet

Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli vår nye sjukepleiar på Lillegjerdet? Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkompetansen din, bli kjend med bebuarane og bidra til gode dagar? Hos oss får du faglege utfordringar, gode kollegaer og ein turnus med samanhengande friperiodar. Vi søkjer ein sjukepleiar til 100 % fast stilling ved avdeling Lillegjerdet på Spjelkavik omsorgssenter. Ein av våre dyktige sjukepleiarar går snart av med pensjon, og no håpar vi at du vil bli vår nye kollega! Om avdelinga Lillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du får ei viktig rolle i å sikre heilskapleg pleie og omsorg, gjere sjukepleiefaglege vurderingar og bidra til ein trygg og god kvardag for kvar enkelt. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi samarbeider, deler kompetanse og støttar kvarandre i kvardagen. Ein turnus med rom for fritid Hos oss får du: 100 % fast stilling Langvakter på inntil 13,5 timar Arbeid kvar fjerde helg Turnus over 52 veker med samla friperiodar Bli ein del av laget vårt! Spjelkavik omsorgssenter har 55 sjukeheimsplassar fordelte på sju avdelingar, og du blir ein del av eit større fagmiljø med eit felles mål om å gi bebuarane gode og trygge tenester. Stillinga er ledig frå 1. februar 2027, eller etter avtale. Har du lyst til å gjere ein forskjell – og samtidig få ein turnus med rom for livet utanfor jobb? Vi håpar å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverSikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen KvalifikasjonarAutorisasjon som sykepleiar 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).   Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm). Personlege eigenskaparTrygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Et støttende og engasjert kollegialt miljø Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Eventuelt….. Parkering, og offentlig transport i nærheten… KontaktinformasjonArnold Saberon, Avdelingsleiar, 484 02 692, arnold.borres.saberon@alesund.kommune.no ArbeidsstadOlav Sundes veg 2 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5199712002 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.