Sjukepleiar søkjast! To faste stillingar ved Eldremedisinsk post alderspsykiatri.
Haugesund Sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
🌟 Vil du ha nye utfordringar og moglegheit til fagleg utvikling?
Vi har no ledig 2 faste sjukepleiarstillingar på 85 % ved Eldremedisinsk avdeling, alderspsykiatrisk sengepost.
💙 Hos oss møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Kvardagen er variert, meiningsfull og fagleg spennande. Vi samarbeider tett, støttar kvarandre når det trengst, og sørgjer for at både pasientar, pårørande og kollegaer blir sett og ivaretatt.
Arbeidsdagane kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Her løyser vi oppgåvene saman, deler kunnskap og erfaringar, og skapar eit arbeidsmiljø prega av humor, tryggleik og høg fagleg kompetanse.
Ønskjer du å utvikle deg vidare? Vi har ein positiv haldning til vidareutdanning innan relevante fagfelt og legg i stor grad til rette for at du kan bygge kompetansen din og vekse vidare i rolla.
👉 Er dette noko for deg? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?Pasientoppfølging og observasjon gjennom natta.
Delta i tverrfagleg team og koordinere oppfølging.
Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kommunen.
Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
Gi omsorg og respekt for både pasientar og pårørande
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Vernepleiar kan også søkje.
Ønskeleg med videreutdanning innan rus og psykiatri.
Ønskeleg med erfaring frå fagfeltet.
Gode datakunnskaper.
Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
er ein trygg og engasjert sjukepleiar/vernepleiar
held oversikta og har interesse for pasientgruppa
er nysgjerrig og tek initiativ
set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag
Kvifor skal du velje oss?Årsplan med 16 helger i året. Moglegheit for langvakter.
Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGrethe Liknes Torsen, Fagsykepleier, 46889361
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5175306477
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.