Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Overlege i psykiatri

Folgefonn DPS - Valen Sjukehus

Arbeidssted
KVINNHERAD, VALEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

🌿 Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern? Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod. 🚀 Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking. 📍 Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg. ✨ Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden. Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest! Kva går jobben ut på?Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. Tverrfagleg klinisk arbeid i team. Rettleiing og internundervisning.  Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus. Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene.  Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri. Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du finn løysningar og er strukturert har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar bidreg positivt til arbeidsmiljøet Kvifor skal du velje oss?Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift). Kompetanseutvikling og vidareutdanning.  Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.  Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø. Moglegheit for å skaffe overgangsbustad. KontaktinformasjonMaren Elise Skogseth, Avdelingsleder Folgefonn DPS, maren.elise.skogseth@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 13 5451 Valen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5176053839 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.