Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar

Kviteseid kommune

Arbeidssted
KVITESEID, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
24. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeidar 90% fast ved skjerma avdeling, frå 01.12.26 Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg. Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt? På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver· Helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav · Miljøretta arbeid i skjerma avdeling · Bidra aktivt i fagutvikling og kompetanseheving · Rettleiing og støtte til lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande · Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaerKvalifikasjonar· Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar · Anna relevant helse- og omsorgsfagleg utdanning er òg ønskjeleg · Interesse for faget og utvikling av tenesta · God digital kompetanse · Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar· Fleksibel, strukturert og løysingsorientert · Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner · Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar · Fagleg nysgjerrig og oppdatertVi tilbyrHjå oss får du jobbe miljøretta, tett på bebuarar som treng tryggleik, forutsigbarheit og varme. Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – der vi både tek vare på kvarandre og utfordrar kvarandre til å bli endå betre. Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk. KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadKviteseidgata 13 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5176343213 Stillingsprosent: 90% Fast Søknadsfrist: 24.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.