Organist/kyrkjemusikar/dirigent – 40% fast, fleksibel stilling
Sauda Sokn
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda?
Me søkjer ein engasjert musikar og dirigent til ein stilling med stor fleksibilitet. Tiltreding så snart som råd.
Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter.
Utover dei faste arbeidsoppgåvene er det i innverande skuleår behov for dirigent for Sauda Soul Children, og det er difor tenkt at resten av stillinga går med til dette. Avhengig av den framtidige dirigentsituasjonen for koret kan dette bli skifta ut med andre oppgåver på sikt, men det kan òg vera engasjementet blir varig. Koret er delt i to aldersgrupper, og har øving annakvar veke, i tillegg til å vera med på ein del arrangement. Dette kan t.d. vera deltaking i nokre av gudstenestene dirigenten har ansvar for som organist, og gjerne eit par konsertar utanom. Me vil i samarbeid med søkjaren finna løysingar for korleis denne delen av jobben blir organisert, med ei rettferdig arbeidsmengd, og med involvering av frivillige og andre i staben, slik at dirigenten ikkje blir aleine med oppgåva.
Søkjaren må beherska orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Like viktig er gode eigenskapar som dirigent/korleiar og evne til å jobba med unge.
Me er opptekne av fleksibilitet som går begge vegar. Difor vil me strekka oss for å finna arbeidstider og -formar som passar for søkjaren, samstundes som søkjaren sjølv viser fleksibilitet i møte med varierte arbeidsoppgåver. Me ser fram til finna ut kva me kan tilby for kvarandre!
Bygg og instrument
Sauda kyrkje har to flotte mekaniske neobarokke orgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit mindre kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano.
I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel av merket Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualar og pedalar, 11 stemmer).
Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer, og eit Fazer-piano.
Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer.
Arbeidstid
Éi arbeidshelg per månad, 8 øvrige gudstenester (hovudsakleg høgtider), 5 fulle arbeidsveker årleg (for å dekka ferievekene til organist i full stilling). Resten etter nærare avtale, jf. avsnitt om dirigentoppgåve.
Arbeidsoppgåver
Planlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab
Dirigent for Sauda Soul Children
Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar
Kvalifikasjonar
Kyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK
Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar
Medlem av Den norske kyrkja
Politiattest
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel
Må disponera bil eller sykkel
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig
Me tilbyr
Fleksibel arbeidstid
Kontorplass på Sauda kyrkjekontor (?)
Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP
Gode øvingslokale og instrument
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.