Helsesekretær/sekretær
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig fast stilling som helsesekretær.
Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette.
Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund).
Vi har fire sekretærstillingar og 25 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre.
Det kan verte behov for eit vikariat i seksjonen.
ArbeidsoppgåverResepsjonsarbeid med mottak av pasientar, samt telefonservice
Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen
Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner
Skåring av kartleggingsverkty
Følge opp pasientventelister
Rydding i rapportar, skanning av dokument osv
Registrere personaldata
Anna praktisk arbeid i poliklinikken
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsesekretær eller relevant erfaring som sekretær
Det er en fordel å ha erfaring frå arbeid som sekretær innan spesialithelsetenesta og i BUP
Ha kunnskap og erfaring med Helseplattformen
God generell kunnskap og erfaring med data
Personlege eigenskaparDu er er god på yte kundeservice
Du har gode samarbeidsevner, tar ansvar og er initiativrik
Du har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
Du er nøyaktig, fleksibel og effektiv
Å vere personleg vert vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
KontaktinformasjonToril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.no
ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5176163900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.