Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Førsteamanuensis i praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk

Høgskulen på Vestlandet

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig ei fast stilling i 100% som førsteamanuensis i praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.Om stillinga Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, og er tilknytta Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Arbeidsstad er campus Bergen og det er ønskjeleg med oppstart 01.01.2027, eller så snart som mogeleg etter den dato. Frå hausten 2026 aukar vi innsatsen vår på ein meir praktisk og fysisk aktiv skule gjennom ei auka tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidet er ein del av regjeringas oppfølging av Stortingsmelding 34 (2023-24) om ein meir praktisk skule. Vi skal setje i gang, følgje opp og evaluere utviklingsprosjekt i skuler som skal stimulere til ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag. Samarbeidet med skulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjon. Målet er praksisendring i skulane og stimulere til læring, motivasjon og trivsel for elevane. Den utlyste stillinga skal bidra i dette arbeidet. Ansvars- og arbeidsoppgåver:Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåvr: Ansvar for arbeid om ein meir praktisk og fysisk aktiv skule med fokus på praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk og fysisk aktiv læring. Ansvar for utviklingsprosjekt i skuler, leie skulenettverk og å ha ansvar for erfaringsdeling lokalt og nasjonalt. Samarbeide med andre nasjonale sentre om meir praktisk og fysisk aktiv skule. Arbeidsoppgåver knytt til kollektiv kompetanseutvikling i skule, vidareutdanningstilbod, kurs og oppdragsverksemd innan praktisk og fysisk aktiv skule. Undervisning og rettleiingsoppgåver innan andre studietilbod ved instituttet kan og bli aktuelt. Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid innan praktisk og fysisk skule. Forsking og utviklingsarbeid med klar relevans for senteret/instituttet sine fagområde. Stillinga skal bidra til å vidareutvikla forskningsfeltet frå fysisk aktiv læring til ein breiare forståing av bevegelse som ein integrert del av pedagogisk praksis og læring, i ein meir praktisk, fysisk aktiv og variert skule. Fakultetet har ulike strategiske forskingsprogram, og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.  Ta ansvar for institusjonsbyggjande og kollegialt samarbeid, irekna fagadministrative oppgåver, utvikling av studietilbod, internasjonalisering, samhandling med eksterne partnarar, og representere HVL nasjonalt og internasjonalt. Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet. Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Ein må belage seg på noko reising i stillinga. Kvalifikasjonskrav:Kriterier for tilsetting i stilling som førsteamanuensis framgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven . Formell utdanning og kompetanse: For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innan til dømes fysisk aktiv læring, bevegelsesorientert pedagogikk, fysisk aktivitet i skulen eller pedagogikk/skuleutvikling med særleg relevans for praktisk og fysisk aktiv skule.   Personlige egenskaper: Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høy etisk medvit i møte med studenter, tilsette og samarbeidspartar er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.   Språkkrav: Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.   Følgjande tel positivt i vurderinga: Pedagogisk kompetanse og erfaring frå grunnskule eller grunnskulelærarutdanninga. Erfaring frå skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og leiing. Erfaring frå nettverksarbeid. Erfaring frå partnerskapssamarbeid mellom universitet/høgskule og skule. Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt for stillinga, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet. Variert rettleiarerfaring. Internasjonal erfaring  med undervising og/eller forsking. Erfaring med digitale verktøy.   Utdanningsfagleg kompetanse: For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet. Søkjarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i henhald til forskrifta må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.  Sakkyndig vurdering:Søkjarar til vitskapelege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komite. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida, kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplige arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsettelsesorgan er tilsettingsutvalg ved Høgskulen på Vestlandet. Korleis søkje på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida. Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder: Søknadsbrev Oversikt over utdanning og relevant erfaring (CV) Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar Pedagogisk mappe og pedagogisk CV Vitenskaplige arbeid (inntil 5 stk) Fullstendig publikasjonsliste For førsteamanuensis skal utdanningsfaglig kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet. Dersom vitnemåla, karakterutskriftar eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedleggae overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for mer informasjon om vurdering av høyere utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkyndige komiteen. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen. Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling Høve for trening i arbeidstida Stillinga som førsteamanuensis er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglene i Offentlighetsloven. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje blir teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.  Høgskolen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan kome til anvending i handsaminga av søknadane Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen Tlf.: 55 58 75 33 E-post: ingrid.leversen@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandleLes mer på våre hjemmesider.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.